Makt over forteljinga
Foto: Svein Grødaland.

Makt over forteljinga

Kva er det mektigaste våpenet?

Av Svein Grødaland.

Eg lytta nyleg til eit lite innlegg av Pål Steigan. Han stilte seg spørsmålet: Kva er det mektigaste våpenet? Nei, det er ikkje av militær karakter. Det mektigaste våpenet er narrativet, forteljinga. Den som har makt over forteljinga, har også kontroll over politikk og pengebinge. Politikk er som kjent å styra pengebingen, fordela pengar i tråd med forteljinga. Så lenge forteljinga om Ukraina er forteljinga om det vesle landet som vart invadert av Russland,, heilt utan grunn, vil pengane sitja laust. Så lenge denne forteljinga dominerer, vil me halda fram med å sløsa vekk pengar på amerikansk våpenindustri og korrupte ukrainske oligarkar.

Det fins ei anna forteljing. Den startar lenge før invasjonen i 2022. Den handlar om ein annan mektig stat som vil sikra sitt domene. For å få det til, er det viktig å byggja opp eit nettverk av lojale allierte. Ukraina var tiltenkt ein plass i dette nettverket. Derfor fekk landet ein del vestleg støtte for å gjera det klar for sin rolle som ei brikke i det store nettverket rundt Russland. Dette skjedde lenge før den russiske invasjonen.

Finland og Sverige vart og ein del av dette nettverket. Dei ofra sin nøytralitet gjennom mange år til fordel for – kva? Verta ein del av det store nettverket?

Krigen i Ukraina har avslørt at Nato er ein papirtiger. Buhund. Stor i kjeften, knapt nok i stand til å halda ein så pass avgrensa krig gåande. Flaskehalsen er å produsera nok våpen. For Ukraina er flaskehalsen å skaffa nok soldatar. Mange har reist utanlands for å sleppa å verta soldatar i ein håplaus krig. Er Zelenskij i pakt med folket sin vilje?

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.