Foto: Rasert landskap, ikkje av krig, men av skogsmaskin.
Foto: Rasert landskap, ikkje av krig, men av skogsmaskin. Fotograf: Svein Grødaland.

Rett person på rett plass?

"... Tida er inne til å innsjå at den krigen er tapt ..."

Av Svein Grødaland.

Volodomyr Zelenskyj fekk bruka taletid i Normandie til å be om meir våpen til krigen mot Russland.

Det kling svært umusikalsk i mine øyrer. For det første var den største bidragsytaren i kampen mot nazismen ikkje til stades under markeringa av at det var åtti år sidan D-dagen, invasjonen i Normandie. Sovjet bidrog og ofra mest av alle i den kampen. USA sitt bidrag var bortimot symbolsk, rekna i talet på falne. Først når Sovjet hadde kontroll på austfronten, var tida inne til å setja inn den siste støyten.

Eg held fast på at det var umusikalsk å sleppa Zelendskyj fram med sine bøner om meir våpen.

Tida er inne til å innsjå at den krigen er tapt. Den russiske kverna mel sakte og metodisk. Dei tek seg bedre tid. Siste trekk er å senda ein flåte marinefartøy vestover, for å halda militærøving utanfor USA si stovedør, i Cubansk farvatn. Dette er ei sterk symbolhandling. USA får kjenna litt på kva det vil seia å ha ei annan stormakt ved stovedøra. Den kjensla er heilt parallell til det Russland måtte kjenna på ved å ha hundrevis av amerikanske basar inn på livet.

Som sagt, den russiske kverna mel sakte. Vesten strekker strikken, trinn for trinn. Det er sagt at den eine raude linja etter den andre er passert, utan at det ser ut til at Russland bryr seg. Som sagt, den russiske kverna mel sakte.

Eg veit sjølvsagt ikkje korleis Russland vil slå tilbake. Eg veit berre at ingen pillar ei stormakt på nasen ustraffa. USA har ein eigen institusjon til å pilla andre på nasen: CIA. Desse har i fleire ti-år arbeidd systematisk for USA sine interesser, også i Ukraina i åra før både revolusjon og invasjon.

Det beste vesten kan gjera nå, er å fortelja Zelendskyj at nå er tida inne til forhandlingar. Det minkar på tilgjengeleg kanonføde (soldatar). Ikkje rart at mange har flykta for å sleppa unna kjøttkverna ved fronten. Er det rett å senda dei heil til Ukraina for å delta i krigen? Her er både militær og sivil ulydighet på sin plass.

Loading

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.