Hissa på seg menigheten
Illustrasjonsbilde. Fotograf: Svein Grødaland.

Hissa på seg menigheten

"Det skal ikkje så mykje til for å hissa opp den som er fast i si tru,"

Av Svein Grødaland

Det skal ikkje så mykje til for å hissa opp den som er fast i si tru, men som veit desto mindre om denne trua. For nokre sundagar sidan var det eit menneske som prøvde å forklara meg at kristendom handlar om kraft og nåde til å leva eit bedre liv, og at det er opp til meg å opna den gaven kristendom og frelse er.

O hellig enfold.

Eg har vore der, hatt min plass på bedehusbenken og høyrt på dette snakket. For meg var det frigjerande å bruka eit år av tida på lærarskulen på å studera kristendom. Her fekk me ei elementær innføring i hovedprinsippa i teologien, og litt om kva som skil ulike retningar innan kristenfloraen. Dermed fekk eg eit nokså brukbart kart å orientera meg etter. Det vart klart for meg; Kristendom er ikkje å pussa opp den gamle Adam, få kraft til å verta eit bedre menneske. Kristendom er å samanlikna med ei juridisk handling: Å verta erklært rettferdig. Det er noko anna ennå vera rettferdig.

Kristendom er heller ikkje noko eg bestemmer meg for. Dei aller fleste kristne praktiserer barnedåp, ei handling som strekar under det ufortente frå vår side, at det er Gud som handlar i dåpen, uavhengig av dåpsbarnet sin vilje. Retningar som legg meir vekt på eigen innsats, vil heller praktisera dåp av vaksne (ungdom) for då kan dei bestemma sjølv. Men barnedåp og misjonsdåp av vaksne er praktisert heilt tilbake til urkyrkja, medan vaksendåp er i den store samanhengen ei nokså ny greie.

Eg fekk etter kvart eit referansepunkt for min eigen ståstad. Det siste har teke si tid. Eg skal vera forsiktig med ein ting: å plassera folk innanfor eller utanfor ei kristen tru. Det er ikkje opp til meg å sortera mellom frelste og ufrelste. Jesus sjølv åtvarar mot det i likninga om ugraset i kveiten. Disiplane ville luka. Det fekk dei ikkje lov til.

Eg har pådrege meg ein facebookven som har klare kriterier for kva som er innanfor og kva som ikkje er det. Han lagar eit stort nummer av dette. Denne skråsikkerheten er det første signalet til meg om å styra unna.

For meg er religion først og fremst undring: som det heiter i sangen: Når eg i undring anar….

Lenger enn dette kjem me ikkje.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.