Foto: Raudkløver. Firkløveren betyr lukke, og er samtidig symbol for grøn politikk.
Foto: Raudkløver. Firkløveren betyr lukke, og er samtidig symbol for grøn politikk. Fotograf: Svein Grødaland.

Ein grøn revolusjon?

"Skal revolusjonen vera grøn, må den skje i pakt med naturen, på naturen sine premisser."

Av Svein Grødaland

Det er ein del av oss som drøymer om ein grøn revolusjon, i regi av industri og teknologi, med oljeindustrien som lokomotiv. Det er omlag som å tenkja seg den franske revolusjonen i regi av konge og adel. Det går ikkje.

Skal revolusjonen vera grøn, må den skje i pakt med naturen, på naturen sine premisser.

Då må me tilbake til basisverdiane, mat og klede, hus og heim.

Det er ein heilt nødvendig konsekvens av ein revolusjon at ein del ting ikkje vert som før. Den vanvittige sløsinga med kjøp, bruk og kast, må vekk. Konsekvens: Færre butikkar og færre tilsette i handel. Konsekvens nummer to: Færre tilsette i den industrien som produserer desse sakene. Ein av dei mest forkastelege leverandørane av sløsing, er moten, at ting vert umoderne lenge før det er oppbrukt eller utslete. Den viktigaste hensikten med mote, er å halda ein sløsaktig praksis i gang.

Det kapitalistiske Vesten aksepterer ei rekke arbeidarfiendlege innretningar: Rasjonalisering, effektivisering, sikra kapitalen større avkastning mot at arbeidarane arbeider fortare for mindre løn. Dette godtek me, stort sett uten debatt, sjølv i deler av venstresida og arbeidarrørsla.

I dag kunne Klassekampen varta opp med krigstypar på framsida: privatisera, jobba raskare, slå saman. Det er NHO si liste til julenissen, eller skal me seia, til regjeringa?

Dei offentlege etatane er ti gonger så store som nødvendig, hevdar NHO. Betyr det at nitti prosent av helsepersonell, lærarar, renovasjon, etcetera, er overflødige? Eg trur ikkje det.

NHO kan ha rett i ein ting: Det er for mange med leiarstilling. Kontorsjefar er alt for lenge blitt stasa opp til direktørar med mangedobbel løn. Verksemder vert splitta opp for å gje rom til fleire direktørar. NSB er berre eit graverande døme. Andre gonger er dei viktigare med samanslåing, fordei det er rasjonaliseringsgevinst å henta. Eg saknar både konsekvens og logikk. Og så vert det vert utdanna alt for mange akademikarar som berre kan brukast til adminstrative stillingar uten skit på fingrane.

Alt dette uvesenet får breia om seg. I mellomtida vert det med praten om den grøne revolusjonen. Kor er den delen av venstresida som prioriterer arbeidsfolk framfor fine ord og smisking med høgresida? Eg saknar dei, ikkje minst i det som skulle vera arbeidsfolk sitt eige parti.

Denne artikkelen ble først publisert 11. juni 2020.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.