Lufta tabu-orda
Foto: Ved Stemmen

Lufta tabu-orda

"Eg meiner å spora desse woke-greiene tilbake til eit par hendingar i USA."

Av: Svein Grødaland

Det er ein del ord det ikkje lenger er lov å seia i danna selskap. Likevel sat me, ein godt vaksen gjeng, og lufta alle dei orda det var lov å seia i vår ungdom. Det er jamgodt med ein fis i fint selskap å seia slike ord i dag. Me gjorde det likevel. Det var befriande. Me var mellom vener.

Det me ikkje lufta like nøye, er kven som har bestemt at desse orda skal vera tabu, og kvifor. Eg har ein aldri så liten mistanke om at woke og naiv venstreside kan ha ein del av ansvaret. Dei har så ømt samvit på vegne av andre, og like stor omtanke for folk dei knapt bryr seg om. Dei har klart å manipulera sine ideal inn i storsamfunnet, der dei fleste av oss ikkje vedkjenner oss woke eller eller naiv venstreside.

Skulle me vera uheldige og falla i synd, er det alltid einkvan til stades som rettar det skarpe blikket på oss og er sjokkert. God, gammaldags moralisme, med andre ord.

Eg meiner å spora desse woke-greiene tilbake til eit par hendingar i USA. Det første er nokre kvinner i filmbransjen som ikkje tykte det var stas å verta tafsa på av kladdete mannehender. Dei laga ein kampanje dei kalla Me Too. Eg og. Dette gjekk til tider litt langt. Mannfolk kunne verta anklaga utan grunn, utan å kunna forsvara seg. Folk trudde ukritisk på historiene. Når sant skal seiast, var det nok realiteter bak ein del av historiene.

Den andre historia handlar om eit brutalt politi som er endå meir brutale mot farga menneske. Ein kar vart halden i eit jerngrep til han døydde. Det vart mykje oppstyr av dette, og saka vart brukt for det den var verd, pluss litt til. Politimannen fekk ein dom, pluss at den uheldige som vart kvalt, var ein kjend småkriminell med rus-historikk.

***

Tabu-orda har noko diktatorisk over seg. Den som brukar dei, vert støytt ut av det gode selskap. Det som verre er: Norm og tankegang av i dag vert brukt til å vurdera og evaluera farne tider sine ord og haldningar. Held dei ikkje mål etter vår innsnevra målestokk, vert statuane rivne ned, om dei fins, og personen på sokkelen fråteken all ære.

Det er så eg har lyst til å bruka desse tabuorda, høgt og tydeleg, i det offentlege rom. Eg er lei av å krypa for vår tids farisearar, dei som definerer kva som er rett eller galt, og frys ut den som ikkje held mål.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.