Krise i forsvaret?
Illustrasjon: Faksimile frå NRK

Krise i forsvaret?

"Budsjetta sprekk, det er ikkje teke høgde for driftskostnadar"

Av: Svein Grødaland

Torsdag kunne Kongsberg Våpenfabrikk feira seg sjølv med nye produksjonslokaler. I vår tid er det viktig med eit sterkt forsvar, spesielt i urolige tider som nå, med krig i nærområdet.

Den aller verste var propagandaen i høgre halvdel av skjermen: (NRK) Protechting people and planet. Tech. Avansert teknologi vert teken i bruk for å drepa og øydeleggja på mest mogleg effektivt vis.

Einkvan burde lesa litt statistikk. Nato er den dominerande våpenprodusenten på kloden, rekna i dollar. Kva er problemet? Dersom me har tillit til våpena våre, kunne me ha rekna med at ingen ville våga å gå til angrep på oss.

Nå er det ikkje fullt så enkelt i praksis. Vesten klarer ikkje å produsera våpen fort nok til å halda ein liten og avgrensa krig gåande. Ukraina. Det er eit tankekors for meg. Korleis er det mogleg? Både Irak og Afghanistan vise seg å vera sterkare enn vår overlegne krigsmaskin.

Plakaten på skjermen presenterer ei dobbel lygn. Våpen drep folk, dei vernar ikkje. Våpen er meir destruktivt for planeten samanlikna med alt anna. Utslepp av CO2 frå militær aktivitet er ikkje rekna med i klimarekneskapen. Kvifor ikkje? Det får meg til å tvila på det såkalla alvoret om klima. Det fins fleire grunnar til tvil om akkurat det.

***

Same dag kjem Riksrevisjonen med sterk kritikk av forsvaret. Budsjetta sprekk, det er ikkje teke høgde for driftskostnadar. Det verste er kanskje at fleire og fleire søker seg over til sivile yrke, på grunn av at dei økonomiske vilkåra i forsvaret ikkje held mål.

Politikarane kan løyva så mange pengar dei orkar, overfora etatar dei vil styrka med pengar. Det hjelper lite når det ikkje er nok personell til å drifta utstyret. Dei kostbare F-35 flya er svært sårbare og treng mykje vedlikehald for å halda seg på vengene. Kva skjer når mekanikarane forsvinn over til det sivile? Ex-militære er populære i mange yrke.

***

Dei nordiske forsvarsministrane er i Nord Norge og ser på våre anlegg. Det er snakk om å samordna verksemda. Eit tiltak er å halda oppe busetnaden i nord. Så kjem det ein OECD-rapport som kritiserer vår trygde- og distrikstpolitikk. Den som skal halda tunga beint i munnen omkring alt dette, kjem til å bita seg sjølv ein eller annan stad. Det går ikkje i hop.

Alt dette skjer på ein dag.

Som ikkje det var nok. Den israelske hæren kritiserer Netanyahu for ikkje å ha ein plan med sin krig i Gaza. Og så det me alle veit: Hamas er ein ideologi som ikkje kan bekjempast med våpen.

Netanyahu svarer at det er Hæren si plikt å gjera som politikane bestemer. Også den meldinga kom på torsdag.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.