Ein stillferdig opposisjon
Illustrasjonsbilde. Privat foto.

Ein stillferdig opposisjon

"Felles for desse er at dei er samfunnsengasjerte, og ikkje tek alt som kjem frå våre media for god fisk. Dei har oppdaga at det fins andre forteljingar rundt omkring."

Av: Svein Grødaland

Det fins ein stillferdig opposisjon her i landet. Felles for desse er at dei er samfunnsengasjerte, og ikkje tek alt som kjem frå våre media for god fisk. Dei har oppdaga at det fins andre forteljingar rundt omkring. Dette fell sjølvsagt ikkje i god jord.

Klart at deler av denne opposisjonen fer med reint vrøvl. Det er ennå mykje att når vrøvlet er avslørt. Så lenge ein pratar vrøvl, er det ingen som bryr seg. Lesaren kjenner sikkert eventyret om Askeladden som måtte lyga ei bøtte full av lygn for å få prinsessa.

Askeladden hadde augene med seg, og gjorde visse undersøkingar. Då eksamen kom, fortalde han den eine historia etter den andre, alle var sanne og handla om episodar med kongen og familien hans. Då Askeladden kom fram til kongen, insisterte kongen på at nå var bøtta full. Han ville ikkje høyra historia om sin eigen rolle i dramaet.

Kvifor sit Julian Assange bak lås og slå? Fordi han avslørte sanninga om USA sin innsats i krigen mot terror.

Kvifor er det så viktig å knebla røyster som Steigan og Derimot? Fordi dei snakkar sant.

Sanninga er motgift mot propagandaen. Propagandaen er som regel ikkje rein lygn. Den er sann, så langt den rekk. Eg har av og til samanlikna dette med eit puslespel. Våre media presenterer bitane, dei bitane som passar inn i forteljinga. Dei er mindre interessert å å setja desse bitane saman til eit bilete med meining.

Vår stillferdige opposisjon presenterer fleire bitar, og prøver å setja saman eit bilete.

Politiet jakter 6 gjerningsmenn etter at en mindreårig ble ranet på toget utenfor Oslo.
Forige innlegg

Politiet jakter 6 gjerningsmenn etter at en mindreårig ble ranet på toget utenfor Oslo

Anmeldelse av Klungtveit for hensynsløs atferd skal etterforskes.
Neste innlegg

Anmeldelse av Klungtveit for hensynsløs atferd skal etterforskes

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.