Smått om storpolitikk ...
Foto: Storfe på beite. Fotograf: Svein Grødaland.

Smått om storpolitikk …

"Klart det er stas med ein limuusin."

Av: Svein Grødaland

Putin har spandert ein limousin på Kim. Ikkje ei ku, men ein flott bil, av same type som Putin sjølv brukar. Det er smått med slike goder i det fattige Nord Korea. Ein bil er ikkje for kven som helst. (Limousin er og ein storferase, spesialisert på kjøtt)

Det går ein del historier om livet i dette isolerte landet, politisk isolert i alle fall. Klasseskiljet er stort til kommunistar å vera. Etter sin ide skal kommunisme ideelt sett vera solidarisk. Ord som kommune, kommunist, kommunion, handlar om felleskap. Det motsette av egoisme. Her det langt mellom liv og lære.

Klart det er stas med ein limuusin.

Donald Trump var og på vitjing til the little rocket man, som Trump kalla Kim. Nord Korea var nokså aktiv med rakettar på den tida, og Trump fekk roa ned ting.

Sanksjonar mot land er aldri bra. Målgruppa, toppane, dei som bestemmer, går alltid fri, medan folket får svi. Slike land treng å bryta isolasjonen.

Var det Trump eller Obama som opna opp for Cuba ved å lempa på blokaden der? Ikkje sikker. Økonomien fekk straks eit oppsving. Det er ikkje eige vanstyre som gjer at Cuba framstår som fattig. Det er dei økonomiske sanksjonane, først og fremst frå USA, men også frå det USA-lojale Europa. Så lenge Sovjet eksisterte, hadde Cuba ein viss handel den vegen. Det kan sjå ut som om Russland i litt større grad har nok med seg sjølv. Det er i prinsippet rett tankegang.

Den første og viktigaste oppgåva til ein politikar er å ivareta eige land sine interesser, og samarbeida med andre når det er i begge sin interesse. Det er neppe i vår interesse å vera ein del av ein union, som overstyrer våre eigne folkevalde. Det er heller ikkje i vår interesse å ha fast stasjonerte utanlandske soldatar i vårt land. Det hjelper ikkje at dei påstår å vera våre allierte. Dei burde ha såpass respekt og tillit oss at dei kunne venta med “hjelpa” til me har eit problem. Det kan til og med tenkjast at naboen i aust kjenner på uro ved å ha rivalen sine basar så tett inn på livet. Nå har me ein amerikansk okkupant på norsk jord, med full råderett over området sitt. Norge har korkje makt eller oversikt over kva som skjer innanfor okkupert område. Det er på ingen måte i vår interesse å ha ein okkupant på norsk/amerikansk jord, om han er aldri så mykje alliert.

Harald Klungtveit – redaktør, vitne eller aktivist? 
Forige innlegg

Harald Klungtveit – redaktør, vitne eller aktivist? 

«Dekolonisering» ødelegger våre museer
Neste innlegg

«Dekolonisering» ødelegger våre museer

Siste fra Blog

Eric Fromm — Kilden til Pride

Erich Fromm — Kilden til Pride

Den såkalte Frankfurterskolen, (grunnlagt av av marxisten Felix Weil i 1924, som "Institut fũr Sozialforchung"), regnes som kulturmarxismens arnested.
Jo, Holocaust var historisk unikt

Jo, Holocaust var historisk unikt

Hovedpoenget i Kleins tematisk vidtspennende tekst i Klassekampen 22. juni synes å være at Holocaust dypest sett ikke var historisk unikt, men snarere en del av den europeiske imperialismens blodige, århundrelange historie.

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.  

Ikke glem