...
Ikkje gjera alt likt ...
Eige foto: Frå Stemmen.

Ikkje gjera alt likt …

Mann er manns gaman, heiter det i Håvamål. Mennesket er skapt til felleskap, til godt lag med andre. Det er her dei verkelege verdiane i livet ligg.

Av: Svein Grødaland

Me burde ha innsett for lenge sidan, at eit godt liv ikkje krev stort anna enn ein lun stad å bu, mat og klede og ymse verktøy til det daglege livet. Ingen har grunnleggjande behov for å ha makt over andre, eller erobra andre sitt land og eigedom. Me har ikkje ein gong bruk for politiske revestreker for å gjera seg sjølv rikare og mektigare. I ei ideell verd har alle det me treng.

Den ideelle verda og det ideelle samfunnet fins ikkje. Over alt er det maktmenneske som vil styra og grava til seg meir enn dei har bruk for.

Eg sit sjølv i glashus, som priviligert pensjonist. Eg har ein mistanke om at store deler av vår vestlege verd sit i det glashuset.

Eg har det eg treng, pluss litt til. Eg har eit helsevesen som vil ta vare på meg den dagen eg treng det. Eg har hatt bruk for dei eit par gonger. Eg bur i eit velferdsamfunn som forsyner meg med vatn og elektrisitet, telefon, internett, brukbare vegar, jernbane, fly dersom eg skal langt vekk. Likevel er me misnøgde. Ofte utan grunn. Men ikkje alltid.

Det er grunn til å reagera når nokre av oss får for lite av felleskaka, medan andre har forsynt seg med meir enn sin rettferdige del. Eg har sagt før, at ingen treng meir enn eit par millionar for å leva rimeleg bra i dette landet, med statsministeren sitt lønsnivå som utgangspunkt. Dei fleste av oss klarer seg godt med langt mindre.

Så kjem sjokkmeldinga om at ein amerikansk gribb skal ha bortimot fem hundre milliarder i løn. Den mannen let firmaet sitt driva med fagforeningsknusing og det er skapt eit inntrykk av dårleg service når det er problem. Nok om det.

Mann er manns gaman, heiter det i Håvamål. Mennesket er skapt til felleskap, til godt lag med andre. Det er her dei verkelege verdiane i livet ligg. Me har ulik apetitt på felleskap. Derfor har Håvamål råd om gjerne å sjå venen ofte, men ikkje for lenge om gongen. Og så vidare.

Det gode liv kan ikkje ha helg kvar dag. Det skaper misnøye og trong etter meir helg. I min ungdom var livet fordelt mellom kvardag og held, med kvar sin standard for klede og mat. Det var fritid og arbeidstid. Det var helg og høgtid på den eine sida, kvardag på den andre.

Vår tid har langt på veg avskaffa kvardagen. Me lever som om det var helg kvar dag. Mor sa alltid at me måtte ikkje gjera alt likt. Det handla om kleda. Då me kom heim frå skulen, var det av med skulekleda og på med kvardagskleda.

Den einaste staden det er att litt av det gamle, er i kyrkja liv liturgi gjennom kyrkjeåret, det det er klare skilje mellom botsliturgi og festliturgi. I vår profane verd er det meste likt. Kvar dag.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.  

Ikke glem

Foto: Svein Grødaland. Jag trivs best i öppna landskap

Tour de Melankolie

"Mann er manns gaman, heiter det i Håvamål"