Foto: Ein rennande bekk kan symbolisera optimisme og trua på at ting ordnar seg. Det treng ikkje verta verre. Akkurat nå er det ille nok.
Foto: Ein rennande bekk kan symbolisera optimisme og trua på at ting ordnar seg. Det treng ikkje verta verre. Akkurat nå er det ille nok.

Det kan alltid verta verre

Pandemiane kan og verta verre. WHO legg opp til ein strategi der store epidemiar skal handterast globalt, enten det er grunn for det eller ikkje.

Av: Svein Grødaland

Samfunnet er prega av den vesle doktrinen: Det kan alltid verta verre. Dagbladet kjører ein kampanje der avisa lovar varme av bortimot religiøse dimensjonar: Eit helvete på jord, der premisset er at me held på å øydeleggja for oss sjølv ved å sleppa ut CO2. Så langt har Al Gore sine disiplar spådd forgjeves.

Eg var i Istanbul for ein del år sidan. Turistinformasjonen på nettet sa rett ut at me ikkje burde reisa til Istanbul dei varmaste sommarmånadane, på grunn av varmen. Eit godt råd. Eg har vore med på tropevarme på Kreta. Då kraup gradestokken opp mot førti grader. Heldigvis varte det berre ein dag eller to. Dagbbladet er litt seint ut.

Pandemiane kan og verta verre. WHO legg opp til ein strategi der store epidemiar skal handterast globalt, enten det er grunn for det eller ikkje. Det er viktig å skriva dei opp til pandemiar, for då kan globale tiltak, til fordel for big pharma, setjast i verk.

Samtidig skal den som har skoen på, verta fråteken retten til å handla ut frå den aktuelle situasjonen lokalt. Det viser seg i ettertid at C-19 var mindre alvorleg enn den årvisse influensaen. Det var bra, for det viste seg og at den såkalla vaksinen ikkje fungerte. Den hindra korkje smitte eller sjukdom. I beste fall kunne coviden verta ein smule mildare. Derimot var tiltaka både skadelege og øydeleggjande. Munnbindet hadde ingen effekt i beste fall, i verste fall skadeleg.

Eg lytta med interesse til eit intervju med Asle Toje her om dagen. Kortversjonen er den, at Vesten, Nato og Ukraina har tapt krigen. Veike og feige statsmenn nektar å innsjå dette. I staden pøser dei på med meir våpenhjelp, i von om at lukka skal snu.

Nokre land syslar med tanken om å senda inn eigne soldatar, Ukraina har ikkje meir å ta av. Så langt har krigen vore ein demografisk katastrofe, der underskotet på menn i fruktbar alder vert redusert, dag for dag. Dette snur ikkje før våpena vert lagde ned.

På sitt galnaste byrjar dei å snakka om atomvåpen. Dei burde vore akuttinnlagde på psykiatrisk, alle som kan meina noko slikt u fullt alvor. Det er galskap, for å bruka eit folkeleg uttrykk.

Ja. Det kan verta verre, så lenge krigarane får bestemma dagsorden. Nå er det på høg tid at fornuften får overta.


Biden har sensurert bøker med vaksinekritikk
Forige innlegg

Biden har sensurert bøker med vaksinekritikk

Russiske angrep på Starokostiantyniv fremhever behovet for F-16 jagerfly
Neste innlegg

Russiske angrep på Starokostiantyniv fremhever behovet for F-16 jagerfly

Siste fra Blog

Jo, Holocaust var historisk unikt

Jo, Holocaust var historisk unikt

Hovedpoenget i Kleins tematisk vidtspennende tekst i Klassekampen 22. juni synes å være at Holocaust dypest sett ikke var historisk unikt, men snarere en del av den europeiske imperialismens blodige, århundrelange historie.

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.