Folk drøymer om eit fredeleg liv...
Foto: Folk drøymer om eit fredeleg liv...

Folk drøymer om eit fredeleg liv…

Det er lettare å vera mot ytre høgre enn å vera for høgare prisar.

Av: Svein Grødaland

Alt for mykje av den politiske debatten handlar om personar, utan å gå inn på kva dei ulike står for. Både våre media og EU er urolege for det dei kallar framgang for ytre høgre. Kva handlar det om? Kva er dei urolege for? Konkret. Kvifor går høgrepartia fram? Kva er sakene? Ein gudegave til Putin,heiter det i ei overskrift.

Det er lettare å vera mot ytre høgre enn å vera for høgare prisar.

Eg fann denne kommentaren

– Den knusende seieren (for ytre høgre) forsterkes av at presidentflertallet og de tradisjonelle partiene, både til høyre og venstre ikke er i stand til samarbeid, selv innenfor venstresidens såkalte Nye Folkefront, dannet fra intet på tre dager. Årsaken til denne seieren er enkel. Ifølge meningsmålingsinstituttet IPSOS er franskmennenes tre største bekymringer kjøpekraft, sikkerhet og innvandring. Nasjonal Samling er det eneste partiet som har gjort disse tre bekymringene – og i samme rekkefølge – til sin kjepphest. Venstresiden derimot forsvarer innvandring, mens høyresiden overlater spørsmålet til EU-direktiver, selv om allerede under europavalget var innvandring et sentralt tema. (George Chabert, Steigan.no 7. juli)

Altså handlar det om saker. Brennbare saker. Det let seg ikkje stikka under stolen at innvandring kan vera eit problem folk kjenner på kroppen. Både Frankrike og Sverige har område som er dominert og kontrollert av innvandrarar. Jada. Berre me løyver nok pengar for å integrera desse, vil problemet løysa seg av seg sjølv. Det gjer ikkje det. Kulturelle og religiøse barrierer hindrar integrering. Kva er forresten integrering? Kva er målet? Eg trur ein del kommentatorar vil verta flakkande i blikket over eit slikt spørsmål. Det fins ikkje noko definert mål, ut over å læra dei nok norsk og gje dei tak over hovudet. Og så? Integrering er å verta ein integrert del av samfunnet.

Framvekst av ghettoar gjer at folk føler seg mindre trygge. Krigen i Ukraina på same vis. Når sjefane raslar med atombomber, ber folket på sine kne til Vårherre om at han må stansa galskapen.

Dyrtida har sine røter i politikk. EU si liberalistiske grunnhaldning favoriserer dei som har pengar og evne til å trø seg fram. Styresmaktene skal ikkje blanda seg borti konkurransen og den frie marknaden, som slett ikkje er fri for alle. Eg såg nyleg eit oppslag om ein kar som mista jobben på grunn av at firmaet hadde tapt eit anbud. Han fekk ny jobb, i firmaet som vann anbudet, med redusert løn med hundre tusen. Fri konkurranse? Folk tek til å gjennomskua denne bløffen. Berre ytre høgre er viljuge til å ta opp den hansken. Resten er kjøpt og betalt av kapital.

Det er på same vis med straumprisane. Folk tek til å avsløra også denne bløffen. Norge, og Europa, hadde nok straum heilt til marknaden og krigen tok over. Nå skummar investorar fløyten og let folk betala, medan politikarane sit stilt og ser på. Både våre og i dei i det franske sentrum.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.  

Ikke glem

Tysk domstol opphever midlertidig forbud mot Compact Magazine

Tysk domstol opphever midlertidig forbud mot Compact Magazine

Domstolen har bestemt at magasinet kan fortsette å publisere under
Søstrene Moderniteten og den Hellige Kua Demokratiet

Søstrene Moderniteten og den Hellige Kua Demokratiet

Et innlegg avvist av iNyheter under dekke av: sitat Lurås