Dagens kandidat til ein fredspris er Viktor Orbán
Foto: Svein Grødaland.

Dagens kandidat til ein fredspris er Viktor Orbán

Han har gjort det einaste rette og fornuftige; Snakka med begge partane i krigen, for deretter å snakka med andre mektige aktørar som kan påverka.

Av: Svein Grødaland

Joe Biden rota saman Putin og Zelenskij då han skulle introdusera den siste overfor toppmøtet i Nato.

Då kan ein vera freista til å spørja kven som er verst for Ukraina, Zelenskij eller Putin. Mi tru er at Ukraina og Zelenskij er Nato sin marionette i krigen mot Russland. Nasjonale marionetter er kjent amerikansk taktikk overfor nasjonar USA vil bruka til sitt formål.

Det andre er at ein kan stilla spørsmål om Joe Biden er klar nok i toppen til å styra USA. Eg vil ikkje lenger bruka termen den største og mektigaste om dette landet. Til det skjer det for mykje rart.

For det tredje: Dersom Biden ikkje er klar nok i toppen, kven er det då de facto som styrer USA?

Her kan svara vera mange, og til dels skræmande. Er det Pentagon? Er det våpenindustrien? Haukar i regjeringsapparatet? Eller, er det gode krefter? Det siste trur eg knapt noko på, all den tid det er pangene som styrer.

Merk at protestane mot Biden handlar om å halda tilbake donasjonar til valgkampen. Dei politiske protestane er veike og spriker. Sjekkheftet styrer. Det seiest at private sjekkhefte framleis er i bruk i teknologien sin fremste bastion.

***

Dagens kandidat til ein fredspris er Viktor Orbán. Han har gjort det einaste rette og fornuftige; Snakka med begge partane i krigen, for deretter å snakka med andre mektige aktørar som kan påverka.

Nato sin kamp ber meir og meir preg av kampen for å overleva som organisasjon og allianse.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.