Om Venezuela og amerikansk (USA) engasjement
Eige maleri frå kurs på Nansenskulen.

Om Venezuela og amerikansk (USA) engasjement

"Kva er USA sine interesser her?"

Av: Svein Grødaland

Eg veit ikkje så mykje om Venezuela. Ikkje før landet dukkar opp i nyhetene igjen. Det var vore valg i landet, og sitjande president har erklært seg som vinnar. Det same har opposisjonen gjort. Det vil seia, dei hevder at motparten har juksa.

Så dukkar det opp bitar frå eit større puslespel. Når USA stiller seg tvilande til eit valg, er det all grunn til å setja eit kryss i margen. Kva er USA sine interesser her? Neppe folket i Venezuela sitt ve og vel. Legg til å at det er vestlege sanksjonar som bidreg til fattigdommen i landet, ikkje fullt så mykje regjeringa sin politikk. Kvifor sanksjonar?

Det går eit gammalt herme om kvifor gatene i Jerusalem er så reine. Svaret er at det er fordi alle feier for si eiga dør. Kor vidt det stemmer om gatene i Jerusalem i dag, veit eg ikkje. Men det veit eg, hadde alle land fått lov til å passa sine eigne saker, utan innblanding frå statar som har definert seg som overmakt, med fullmakt til å passa på at andre gjer som overmakta seier, hadde jorda vore ein bedre stad for dei fleste av oss.

Når eg stussar over USA sitt engasjement, er det fordi det fins eit mønster i dette. USA har for vane å ta kontroll ut frå eigne interesser. Dei dekker seg som regel under eit teppe av demokrati.

***

“Me eller we”, kunne eg lesa på ei teikning. Det gjaldt Trump og Harris. Ei fin presisering enten me snakkar om amerikansk politikk eller samfunnet generelt. Bortsett frå det, er eg ikkje sikker på om det er så enkelt som teikninga antyder. Også Kamala Harris representerer elite og overklasse. Ho representerer ME, er eg redd.

Lakmustesten er om ho klarer å lyfta den amerikanske (USA) sin underklasse opp til meir levelege kår.

Sant å seia er eg usikker på kven eg helst ville hatt av desse to. Tradisjonelt ville eg helst hatt ein demokratisk president. Det som uroar meg, er krigslysten. Trump har opna for å redusera engasjementet i Europa. (Ukraina)

Biden har vore alt for ivrig til å støtta krig. Trump er heller ikkje heilt god. Han (og Biden) er alt for gode vener med Netanyahu.

Eg ser på dette valget i USA som eit valg mellom pest og kolera.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.