Av: Svein Grødaland
Den dagen du innser kva USA er, spelar det brått mindre rolle kven som vert peika ut som kandidat til vervet som president, eller kven som vinn. Her heime har me i teorien fire statsmakter, den lovgjevande, den utøvande, den dømmande, og media.
USA har ei femte statsmakt: Oligarkiet. Dei søkkrike. Pengebingane. Store konsern. Pengane. Den allmektige dollar.
Uansett kven som vinn valget og vert president, vil den femte statsmakta vera der. Dei har finansiert valgkampen, og reknar med å hausta gevinsten: Full støtte både til business og monkeybusiness på alle nivå.
Nå sit våre politikarar og diskuterer det komande valget i USA. Dei vil helst ha duoen Harris / Waltz for å sikra det dei kallar kontinuitet. Den kontinuiteten er øydeleggjande, både for oss og globalt. Verda er ikkje tent med eit krigersk USA, som ser fiendar i alt som ikkje snakkar dei etter munnen.