To meldingar frå Forsvarets Forum
Illustrasjon: Eige maleri (på kurs)

To meldingar frå Forsvarets Forum

"Fredsorganisasjonen" Nato brukar langt meir på militærvesen enn land utanfor Nato.

Av: Svein Grødaland.

Den eine kan fortelja at ein norsk fregatt har lege til kai i tre veker på grunn av mangel på personell. Den andre meldingar fortel at ein norsk fregatt skal sigla i Asia med ei britisk hangarskipgruppe.

Mangel på personell kan fort verta bøygen når politikarane skal satsa stort. Ein kan gjera vedtak om pengar, men ikkje om personell. Dette gjeld ikkje berre forsvaret.

Apropos forsvar; Kva skal den norske fregatten forsvara i Asia? Så vidt eg veit er ikkje noko Nato-land i Asia truga av militær aktivitet. Det er berre så vidt det er rett å kalla denne institusjonen for forsvar, når det aller meste av aktiviteten skjer i område som ikkje er omfatta av Nato sin artikkel fem.

Rotar ein litt i denne materien, finn ein ei sanning og forteljing som knapt toler dagsljos. Diverse medlemsland i Nato (les USA) er mellom dei aller mest krigerske på kloden. USA har ei lang liste over angrep og innblanding i andre statar sine indre affærer. Atskillige orange-revolusjonar er sett i scene av CIA / USA. Norge er den villige assistenten til mykje av dette. Det gjer oss til eit legitimt mål i ein eventuell tilspissa situasjon.

“Fredsorganisasjonen” Nato brukar langt meir på militærvesen enn land utanfor Nato. Når eg ikkje ser så mørkt på tanken om at Trump kan vinna presidentvalget, ligg forklaringa her. Han har sagt at han vil trappa ned det militære engasjementet i utlandet. Det skræmer vitet av diverse krigshissarar, mellom dei fleirtalet på Stortinget. Verst er lilleputtpariet Venstre. Dei andre kjem hakk i hæl.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.