"Du kan ha rett i det"
Foto: Eige maleri.

“Du kan ha rett i det”

Det er lite som er så avvæpnande som orda: "Du kan ha rett i det". Me burde brukt desse orda litt oftare, spesielt fordi svært få av oss har monopol på innsikt og forstand.

Av: Svein Grødaland.

Det er lite som er så avvæpnande som orda: “Du kan ha rett i det”. Me burde brukt desse orda litt oftare, spesielt fordi svært få av oss har monopol på innsikt og forstand. Eg har langt større respekt for den som kan gje andre rett, framfor den dogmatiske som kan partiprogrammet utanåt, og ser på det omlag som dei religiøse på den heilage boka si. Eg har ingen respekt for dei dogmatiske, som alltid har rett, som alltid ser ting frå sin ideologi.

I eit tidlegare liv, som aktiv journalist, var eg nok meir klar over dette enn eg forsto. Eg oppdaga fort at dei som berre siterte partiprogrammet på alle spørsmål, ikkje var så interessante. Eg var ute etter dei som kunne tenkja sjølv, for det var der dei interessante synspunkta kom fram.

I dag ser det ut til at det er om å gjera å ha rett, ha dei rette meiningane. Frå studietida minnes eg ein replikk over eit tema i samband med studiene:

– Er det ikkje slik at…

Det var fasiten som skulle fram. Den rette sanninga, Dette var eit humanistisk studium. Der fins det ikkje evigvarande sanningar, berre gjeldande tankegang. Den kan endra seg bortimot over natta. Det er dette som gjer det så viktig å vera open for andre sine meiningar, gje dei rett; Dei kan faktisk ha eit poeng som er verd å ta med seg.

Kor ofte høyrer me ein slik replikk i ein politisk debatt? Dei fleste kjører si eiga greie uansett kva som er tema, og det er heilt uaktuelt å ta siste replikk frå motparten med i kva svar ein skal gje. Det vert ofte to papegøyar som kaklar kvar sitt politiske mantra.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.