Av: Svein Grødaland
Hevnen har gått i bølger i Midt-Austen, fram og tilbake mellom Israel og diverse grupperingar og land i området. Nå er det Iran som sit med ballen. Dei kan ikkje leva med at Israel tek livet av ein gjest, midt i Teheran.
Kommentarfeltet var kjapt ute med spekulasjonar om kva og kva tid.
Hevn er mest effektivt når det dreg ut i tid. Då får syndaren tid til å kjenna litt på redsle over det som kan koma.
Så kjem det ei heilt uventa vending: Dersom Israel legg ned våpena i Gaza, vil Iran vurdera å ikkje ta hevn.
Den vise Salomo i Bibelen kunne ikkje gjort det bedre. Ved å visa storsinn, mot at den andre gjer det same, kan situasjonen bidra til fred; eller i det minste ei våpenkvile.
Det har vore merkeleg stilt om dette i kommentarfeltet. Nå har alle retta blikket mot USA, etter at Kamala Harris overtok stafetten etter Joe Biden. USA ber Israel leggja ned våpena, samstundes som dei leverer våpen for milliarder. Rett nok er det snakk om militær infrastruktur, fly og slikt, med lang leveringstid. Men likevel.
Det er viktig å halda våpenindustrien i gang.
Både Gaza og Ukraina er gløymt for ei tid. Litt støy når Ukraina labba inn i Russland med våpen og soldatar, utan at dei militære ekspertane reknar så mykje på det. Liten effekt for totalbiletet, er vurderinga frå den kanten. Det kan ha vore Kiev sitt forsøk på å skapa blest om sitt prosjekt; Krigen.