Matpolitikk
Her veks det mat. Foto: Svein Grødaland

Matpolitikk

Staten har lansert eit nytt sett reglar (råd om sunn mat) slik at me kan leva eit langt og lukkeleg liv.

Av: Svein Grødaland

Staten har lansert eit nytt sett reglar (råd om sunn mat) slik at me kan leva eit langt og lukkeleg liv. Eit par av reglane er av ein slik karakter at eg elegant saboterer dei. Raudt kjøt er godt, og er miljøvennleg bruk av beitemarker som vanskeleg kan brukast til noko anna, bortsett frå sauer og geiter. Men nå trur folk at raudt kjøt er skadeleg, berre fordi den offisielle propagandaen har proppa oss fulle om kor skadeleg det raude kjøtet er, både for helsa vår, og for planeten. Det siste punktet er rein fantasi.

Det er ikkje stort bedre med reglane for mjølk. Heilmjølk, feit ost og seterrømme er fast inventar på mitt bord. Ein skvett fløyte skader heller ikkje.

Skal ein først laga politikk av noko. burde ein kanskje spørja seg korleis alternativet til raudt kjøt, det kvite kjøtet vert fora opp. Både svin og kylling er reine kraftforkonsumentar. Dei vert fora opp på importert soya og annanrangs korn frå vårt eige jordbruk. Enten me likar det eller ikkje, er Norge i utkanten av den delen av kloden der det let seg gjera å produsera mat med eigne ressurser. Det vert stundom snakka om å vera sjølvforsynt med viktige matvarer. Der stiller det raude kjøtet sterkare enn det politisk korrekte kvite kjøtet.

Sjølv om me bur langt mot nord, har me ein del ressurser. Me har vilt, kjøt frå storfe, sau og geit. Fisk i sjøen og i elvar og vatn. Me har frukt og bær, grønnsaker, poteter.

Bruk av alkohol er eit tve-egga sverd. I moderate mengder kan den bidra til trivsel. Når det vert for mykje, er den verre enn det meste.

Ein god matpolitikk bør innehalda ei retning som aukar sjølvforsyningsgraden vår. Den manglar. Eg finn heller ikkje den viktigaste faktoren for eit godt liv: Trivsel, både ved matbordet, så vel som i jobb og fritid. Stress og travelhet er garantert dårlig for helsa. Det hjelper ikkje med politikk.

Summa summarum: Sektorpolitikk der berre ei klart avgrensa sak er på bordet, kan fort skapa konsekvens

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.