Det siste nye er at nå kjem Ukraina til å vinna krigen
Eige bilete.

Det siste nye er at nå kjem Ukraina til å vinna krigen

Mange snakkar ikkje ut frå kunnskap om den faktiske situasjonen, men tek utgangspunkt i eigne verdivurderinga.

Av: Svein Grødaland.

Det slår meg når eg høyrer ekspertisen ytrar seg om store spørsmål, som om krigen i Gaza og Ukraina. Mange snakkar ikkje ut frå kunnskap om den faktiske situasjonen, men tek utgangspunkt i eigne verdivurderingar: Korleis bør dette sjå ut? Nato-krigarane i media tek alt i beste meining til fordel for det offisielle synet på krigen, godt støtta av eit korps oberstløytnantar.

Dei med eit historisk perspektiv som rekk lenger bak enn 2022, er som oftast litt meir balansert.

Nå er sjølvsagt også dette innlegget farga av den informasjonen eg etter kvart har samla.

Det siste nye er at nå kjem Ukraina til å vinna krigen. Forsvarets forum jagar på: Nå må Kamala Harris syta for at Ukraina vinn den krigen.

Det hjelper lite at militære ekspertar har sagt at invasjonen i Russland har liten militær verdi. Den er heller ikkje brukande som forhandlingskort i ei eventuell forhandling om vilkår for fred.

Ein viktig del av krigen er kampen om opponionen. Folket. Det er viktig å halda folk positive til krigen, og overtyda oss om at me er på den rette sida, og at vår støtte til Ukraina og krigen er viktig og nyttig.

It ain’t necessarily so, syng dei i Porgy and Bess. Alt er ikkje nødvendigvis slik det vert fortalt. Alle veit dette. Likevel opptrer me som om me trur kvart bidige ordet.

Ei anna sak er at det ser ut til at det sjølvgode biletet vesten har av seg sjølv, held på å rakna. Ennå surrar det og går. Propagandaen fungerer, enn så lenge.

Det skjer ting utanfor vår mentale horisont. Kina og India held på å vakna. Dei har vunne seg plass som økonomiske stormakter. Handelen vrir seg frå Vesten til Asia. Dei fleste av oss kan sjå dette med eigne augo dersom me kikkar på kor lett høgteknologiske saker er produsert. Stort sett Asia. Sjølv bilparken vår er blitt kinesisk, og det på kort tid. Bilar og andre saker frå Japan har lenge vore synonymt med kvalitet.

Den vestlege (kapitalistiske) økonomien er basert på produksjon. Kva nå, når Asia tek over heile produksjonen? Som om det ikkje var nok, me let Asia produsera dei varene me kunne produsert sjølv? Kvifor gjer me ikkje det? Enkelt. Me sparer nokre lusne kroner på å la låg-kost land gjera jobben. I mellomtida forvitrar vår eigen industri.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.