Bør Bollestad ta ein Biden?
Foto: Maktkamp

Bør Bollestad ta ein Biden?

Dette innlegget handlar ikkje om KrF spesielt, men om politikk. Om makt.

Av: Svein Grødaland

Dette innlegget handlar ikkje om KrF spesielt, men om politikk. Om makt. Det handlar om å bita seg fast i ein posisjon, ein posisjon ein kanskje bør forlata.

Er det for enkelt å verta sitjande i ein maktposisjon? Ideelt sett er politikarane folket sine tillitsvalde. Dei skal tena oss, styra landet til felles beste for alle. Det er dette som er demokrati, at folket bestemmer kven som skal representera oss. I staden er politikk blitt ein godt betalt karriæreveg. Me har politikarar som aldri har gjort anna enn å driva politikk. Nokre av dei får litt panikk framfor kvart valg. Plassen er usikker, og partiet er lite.

Andre har sikra seg med såkalla sikker plass på listene. Store parti gjer dette heile tida. Deira toppar er sikra. Derfor treng dei ikkje ta så mykje omsyn til oss, folket.

Olaug Bollestad og Joe Biden har det til felles at begge har klamra seg til makta. Begge har det til felles at nære medarbeidarar ber dei trekkja seg, av omsyn til partiet og valget.

Kva skjer i KrF? Eg veit ikkje. Eg er ikkje medlem, men har ein viss sympati for nokre av sakene deira.

Eg kjenner heller ikkje Bollestad. I det ytre minner ho om min generasjon sine foreldre: Frodig, frittalande, med ei mor sin autoritet. Kan det vera her nøkkelen ligg, at ho har morsrollen i staden for å diskutera sak? At det kan vera vanskeleg å ta ein diskusjon med hu mor?

Eg veit ikkje. Men eg trur eg veit at KrF ikkje er som alle andre parti. Dei er eit sentrumsparti, med religionen som felles ståstad. Den er heller ikkje heilt felles, for der fins det alt frå karismatiske frikyrkjemedlemmer til nøkterne personar av den typen er fekk skildra i studietida:

Eit par litt konservative teologar hadde forvilla seg inn på eit møte hjå pinsevennene. Eit Åndens uvær la seg over forsamlinga, og det vart tala i tunger både her og der. Teologane fekk spørsmål om ikkje dei også ville da Den Heilage Ande. Dei såg seg rundt.

– Dersom det er den heilage andre dei har fått, klarer me oss utan, sa teologane og forlot lokalet.

***

Den politiske spennvidda er kanskje like stor som den religiøse. Nokre av oss hugsar bråket då Knut Hareide ville i regjering, og overlot til partidemokratiet å bestemma retninga. Nokre lag sende delegatar etter same fordeling som i møtet. Olaug Bollestad lot vinnaren ta alle delegatane. Dermed vart Rogaland tunga på den vektskåla som sende partiet inn i Erna Solberg si regjering. Etter den dagen har KrF vore eit lite parti, under sperregrensa. Uansett resultat ville ein del medlemmer sett på dette som eit svik.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.