Foto: Eit majestetisk dyr...
Foto: Eit majestetisk dyr...

I dei beste familiar …

Det handlar om fasade. Det er ikkje alt me deler med kven som helst.

Av: Svein Grødaland.

Dei fleste familiar har ting me ikkje er stolt over. Det er både vanleg og normalt. Ein vittig kollega sa ein gong at det er mange sokkar med hol i fine sko.

Det handlar om fasade. Det er ikkje alt me deler med kven som helst. Så lenge kontakten med andre er på overflata, kan ein halda fasaden i rimeleg god stand.

Problemet er at vegen frå fasade til fadese kan vera svært kort.

Kongefamilien opplever litt av dette nå om dagen. Altså; sjølv i dei beste familiar..

Kva nå det er. Alle familiar består av menneske, enten me er kongelege eller folk flest. Kjendisfaktoren styrer graden av katastrofe. Når kjendisane trør i baret, vert det store overskrifter i media. Me andre får kanskje ein liten einspalter på side fire i lokalavisa.

Kongefamilien er i hardt vær nå om dagen. Først og fremst er dette tungt for familien. Ingen familie fortener å få rus, psykiatri og diverse kriminalitet bretta ut på første side i riksavisene. Skandale. Det vart ikkje mindre oppstyr då både konge og kronprins gifta seg på tvers av royal sedvane. Store overskrifter og sterke meiningar.

Den gongen vart det reist spørsmål omkring monarkiet. Det same nå.

Det er viktig å skilja mellom kongehuset og kongefamilien. Familien har litt fleire medlemmer for å seia det slik. Det er dei borgarlege medlemmene i familien som er opphav til uro.

Spørsmålet er: Bør me avskaffa monarkiet? Eg meiner prinsippielt at ingen priviligert familie skal ha einerett på det høgaste embetet i landet. Dette som skjer nå, er likevel ikkje nok til å velta monarkiet.

Kronprinsessa er blitt kritisert for å handla som medmenneske i saka om sonen. Skal ein forlanga at ei mor skal handla juridisk riktig når det handlar om hennar eigen son? Eventuelle overtramp bør vera lette å tilgi.

Det er langt verre når ein komande konge engasjerer seg i World Economic Forum. Dermed har han engasjer seg i omstridde politiske spørsmål. Globalisme er ein ideologi som lett overstyrer demokratiet.

Kor støtt står monarkiet? Akkurat nå får det ein knekk i oppslutning. Ståket rundt Marius går over. Manns minne er ikkje det det ein gong var.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.