Foto: Snart haust
Foto: Snart haust

Det trengs myter

Mennesket lever ikkje berre av fakta. Leksikalske fakta seier ingen ting.

Av: Svein Grødaland

Mennesket lever ikkje berre av fakta. Leksikalske fakta seier ingen ting. Fleire byar i Belgia. Ukraina vart invadert i 2022.

Det er først når me legg mytene, forteljinga over samlinga av fakta at den kan gje meining.

Dette er ein av grunnane til at eg ikkje bryr meg om idrett, berre fakta, turre tal. Ingen forteljing.

Eg har ikkje tenkt så mykje over dette før i seinare tid. Ikkje før det dukka opp dramatiske hendingar med eit bakteppe av solid propaganda. Media og makta pøste på med den same forteljinga.

Den som kom med andre forteljingar, vart uglesett, gjort narr av, stempla som konspirasjonsteoretikar, eller frosen ut av det gode selskap. Me hugsar meteren frå coronatida, munnbindet, avstanden, reglane om maks tolv til bords, eller var det åtte? Sjølvaste statsminsteren kom i skade for å synda mot reglane. I dag er det bortimot mogleg å sjå på denne tida med eit skrått blikk. Tiltaka var verre enn sjukdommen.

Krigen i Ukraina er styrt av myter. Det er mytene som får oss til blindt å ofra milliarder på ei tapt sak. Krumtappen i Ukraina er årstalet 2022. Den som trur at krigen starta då, uprovosert, har ei forteljing. Me som veit at opphavet til krigen ligg lenger tilbake, har ei anna forteljing om situasjonen. Me har til og med kvar vår samling av fakta (som me fester lit til).

Har du lurt på kvifor media heile tida snakkar om fullskala invasjon. Det vesle ordet vert hamra inn i oss, men er ikkje anna enn rein propaganda.

I dag lytta eg til politisk kvarter. Pussig nok kjører både dei grøne og Arbeidarpartiet den same forteljinga. Begge aksepterer premissen om at den globale oppvarminga er skapt av oss fordi me svir av for mykje karbon. Men Atlanterhavet kjøler seg ned, til stor forundring for dei såkalla forskarane. Dei er ikkje betalt for å finna opplysningar som seier noko anna enn den felles forteljinga.

Eit par udiskutable fakta: Temperaturen på kloden varierer av naturlege grunnar. Ingen forskar har den fulle oversikten over dette. Knapt nok detaljene. Då er det all grunn til å spørja kor mykje av dei varierande klima som er naturleg og kor mykje som skuldast oss. Det er uansett ikkje snakk om klimakrise.

Trass i dette er det politikarar som er villige til å bruka milliarder på ingen verdens ting. Som dette med elektrifisering av sokkelen. Det skjer er at utsleppet vert flytt til eit anna land. Altså ei lokal greie, ikkje global. Det som er opplagt, er at diverse politikarar driv med rein symbolpolitikk, betalt av oss via skatteseddelen.

Alt dette er mogleg fordi me vert bombardert med massiv propaganda. Dei fleste av oss har ein tendens til å tru det dei vaksne (les makt og media) fortel. Det er det ingen grunn til.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.