Ein trist dag for Tyskland?
Eige foto.

Ein trist dag for Tyskland?

"Ordet Høgre-ekstrem er for det meste rein hersketeknikk"

Av: Svein Grødaland.

Mon tru det? To tyske delstatar har hatt valg. Folket har gitt beskjed til Makta; dei har ikkje levert. Ein samstemt Makt og Media-miljø har vore urolege for dette. Det gjeld ikkje berre Tyskland.

I dag skriv Forsvarets Forum at verdsordenen er på valg. Det handlar om valget i USA, der kampen står mellom ein alliansekeptikar og ein alliansforkjempar.

Kamala Harris står for det trygge, medan Trump trugar verdsordenen. Den liberale verdsordenen. Fine ord, som dekker over realitetene; at USA og Europa systematisk har plyndra resten av kloden med utbyttig, handelsavtalar til fordel for seg sjølv. Har ikkje avtalar vore nok, har krig gjort susen. Omverda, dei som er rundt oss, er lei av dette.

I Frankrike vrir president Macron seg i kampen for å halda både ytre venstre og ditto høgre vekk frå makta. Veljarane har talt, og det er eit problem.

Til Norge: I dag var Sylvi Listhaug og Abid Raja i Politisk kvarter. Dei to var så samstemt at ein tredje debattant, frå AP, kalla dette ein gavepakke til dei høgre-ekstreme.

Det kortet, “dei høgre-ekstreme” vert drege alt for ofte når dei politisk korrekte vert utfordra på heimebane. Det Abid Raja seier, er ikkje høgre-ekstremt. Ikkje Listhaug heller. Det handlar om å setja krav og strama inn for å få ned motsetningane mellom etnisk norske og personar med innvandrarbakgrunn. Abid Raja anbefaler truskap til våre verdiar, som rett til fri tanke og tale, akseptera homofili, blanda ekteskap, religionsfridom og restriksjonar for å ungå oppsamlingar av minoriteter.

Er dette høgre-ekstremt?

Europa held på å drukna i velvilje, fritidsklubbar, sjokolade og brus. Eg har sett korleis dette fungerer å mikroformat, konkret i kyrkja sitt dialogforum, der muslimar var invitert til drøfting.

Det var lite dialog, for å seia det slik. Når pizza’en kom på bordet, den var garantert halal, forsvann muslimane frå lokalet. Det er ikkje lett å få i stand dialog med dei som ikkje er der. Dialog er meir enn å lytta til ein person med mikrofon i handa. Dialog er å sitja ved det same bordet og snakka, utan mikrofon.

***

Tilbake til utgangspunktet. Folk i Europa er lei av politikarar som ikkje bryr seg om folket, som prioriterer sine eigne prosjekt. Europa søler vekk ufattelege verdiar på krig og klima. Den første er destruktiv og unødvendig, den andre eit gedigent narrespel til beste for dei som har mest. Kven tener på dyr straum? Og, kven betaler?

Når politikarar ikkje leverer, vert dei kasta. Det er dette me kallar demokrati.

Ordet Høgre-ekstrem er for det meste rein hersketeknikk. Ingen vil kalla seg høgre-ekstrem, bortsett frå den ørvesle minoriteten som faktisk er det.

***

PS: Nå kan eg lika Abid Raja. Partiet hans har vore mellom dei aller mest naive i dette landet når det gjeld migrasjon og integrering. Han er ein modig talsmann for realisme og ein bedre politikk for å gjort noko med problemet integrering. Fritidsklubbar, bollar og brus held ikkje.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.