Bruka fleire kjelder?
Eige foto.

Bruka fleire kjelder?

I dag melder NRK om stillstand i krigen i Kursk

Av: Svein Grødaland

I dag melder NRK om stillstand i krigen i Kursk. Ukraina har ikkje oppnådd at Russland flytter styrker til Kursk. Når det er stilt i media, er det fordi det ikkje skjer stort i Kursk. Oblt Tormod Heier er som vanleg nøktern innanfor tildelte rammer.

Det vert sagt lite om at dei russiske styrkene et seg inn over ukrainsk territorium.

Steigan melder at Rothschild og BlackRock (invesorfond) er i forhandlingar med Kiev.

Steigan melder også om massiv utskifting i regjeringa i Ukraina.

***

Poenget er at det trengs fleire kjelder for å få eit bilete av situasjonen. Eg slit litt med å forstå kvifor NRK ikkje seier noko om saker som opplagt er viktig informasjon for oss om situasjonen i Ukraina. Dersom poenget er å berre melda godt nytt, vert me haldne grundig for narr.

***

Kva nå? Det som verkar opplagt, er at Nato/Ukraina taper krigen militært. Dei vestlege investorane gjekk tidlig inn i Ukraina og kjøpte seg opp på landbruk. Desse investorane gjer ingen ting gratis. Dei kjem til å halda Ukraina i eit jerngrep i lang tid framover. Nå har dei starta på gjennomføringa av sine planar. Mrkeleg nok tykkjer Kiev at dette er bra. Enn så lenge.

Eit kontroversielt spørsmål: Vil dei delene avUkraina som nå vert ein del av Russland koma bedre frå det enn den vestlege delen? Svaret er JA dersom dei slepp å forhalda seg til dei vestlege investorane.

Det kan sjå ut som at ein del av oss innser at slaget om Ukraina er tapt. Det er ein grunn til at USA ikkje vil gje Ukraina langdistanserkettar. (I parentes: Norge fekk heller ikkje kjøpa slike rakettar).

Meir våpen til Ukraina vil berre forlenga krigen, med fleire drepne, fleire såra, og ein desperat mangel på mannfolk.

I sum: Situasjonen er katastrofal. Kven vert dei første til å ta til fornuft?

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.  

Ikke glem

Sørlige og østlige Ukraina har vært russisk i minst 200 år

Presidentvalget i 2010 viste hvor oppdelt Ukraina var.
VOX mener Norge på vei mot Gardarike tusen år etter (Pixabay)

«Fredspris-nasjonen» Norge sender krigsfly og soldater mot Gardarike

Mer enn tusen år siden vikingene var der sist