Ikkje eit einaste kritisk spørsmål
Eige foto.

Ikkje eit einaste kritisk spørsmål

Jens Stoltenberg er heime i Norge for siste gong før han trer av som generalsekretær i Nato.

Av: Svein Grødaland

Jens Stoltenberg er heime i Norge for siste gong før han trer av som generalsekretær i Nato. Han får tildelt eit kvarter på Dagsnytt18, der han vert hylla på nokså ukritisk vis. Ikkje eit einaste kritisk spørsmål.

Nå er ikkje det så rart, med tanke på den unisone hyllesten frå Makt og Media. “Alle” har støtta opp under krigen i Ukraina. Få kritiske røyster har vore å høyra i ti år med krig. Ja, han sa ti år, ikkje slik ein del hevder at krigen starta i 2022.

Det vart ikkje sagt eit ord om at mesteparten av denne tid var et Kiev som førte krig mot sine russiske landsmenn. Russarane vart kalla seperatistar i våre media. Dei ville skifta frå å vera ukrainarar til å vera russarar. Det vart røysta over dette. Det vart fleirtal for å skifta nasjonalitet. Dette vart, naturleg nok, ikkje anerkjent av Ukraina og Nato.

Seperatisme er ikkje bra i våre øyrer, og dermed var me enten likegyldige til situasjonen, eller verbalt støtta Ukraina i deira kamp.

Det kom fram i programmet at Nato brukte denne tida til å byggja seg opp, i praksis gjera seg klar til krig mot Russland.

Då den russiske invasjonen kom, var Ukraina klar, med Nato i ryggen. Det er eit faktum, sjølv om Nato har prøvd å snakka seg vekk; det er uavhengige medlemmer i Nato som har engasjert seg.Dersom dette var sant, kunne ikkje Stoltenberg engasjert seg i krigen. Hans engasjement er nok til å kalla dette ein krig mellom Nato og Russland.

Angrepet i 2022 var på ingen måte fullskala. Det var ikkje Ukraina sitt svar heller. Så har krigen eskalert i takt med forsynig av stadig tyngre våpen til Ukraina. Vårt første bidrag av anti-tank våpenet M-72. Nå handlar det om F-16 jagarfly.

Legg til at den største kontingenten flyktningar frå Ukraina har reist til Russland.

PS:

Det har vore så varmt dei par siste dagane at både Dagbladet og klimafolket har velta seg i kos og gru over kor ille det er med den globale oppvarminga. Over helga er det meldt regn og kjøligare dagar.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.