Skattepolitikk
Eige foto.

Skattepolitikk

"Her i Norge er det sjølvsagt å få fri med løn når borna er sjuke"

Av: Svein Grødaland

Regjeringa vil gje skattelette til dei lågaste inntektene, medan Høgre er meir opptekne av at næringslivet skal ha rimelege skattevilkår. Begge deler er viktig, og må ikkje gløymast.

Samstundes skjer det forhandlingar om løn under sjukdom. Sjukefråværet er alt for høgt i Norge. Frå mi tid som verneombud veit eg at det kan variera kraftig frå arbeidsplass til arbeidsplass, sjølv innanfor same etat og med tilsvarande arbeidsoppgåver. Det kan vera fleire grunnar, som eit skeivt samansett kollegium, inkompetent lokal leiar. Sjølve elefanten i romet kan vera effektiviseringa, som skal finansiera skattelette til folk med mindre belasta personar, men med desto bedre rygg til å bera litt meir skatt.

Det som vert gløymt, er at dersom samfunnet skal ha mindre inntekt, (skatt) vert det gjort mindre av både viktige og mindre viktige ting. Samfunnet er eit spleiselag der me puttar inn vårt bidrag etter evne, og får etter behov. Denne modellen har vist seg å fungera langt bedre enn i land der kvar einskild skal ta ansvar for eiga velferd. (USA)

Politikarar likar å snakka om liknande land når dei trur dei har fått ein god ide. Ingen spør kva som er motpostane til eit mindre fellesbudsjett. Inntekt, storleik og utgifter heng i hop. Gjeld den samanlikninga med andre land berre for skattenivået, eller vert det sett på kva folk i dei ulike landa får att for skattekronene sine?

Eit enkelt døme: Her i Norge er det sjølvsagt å få fri med løn når borna er sjuke. Ikkje slik i Danmark. Situasjonen der kjenner eg tilfeldigvis til, fortalt av ein som har fått kjenna det på kroppen. Korleis foreldre i Danmark med sjuke born ordnar seg i praksis, veit eg ikkje.

Me har eit godt utvikla velferdsamfunn i Norge. Eg vil tru at sei færraste vil godta store reduksjonar i nivået på tenestene.

Ulike skattenivå må bety ulike ytingar til folk. Eller, som det kjem fram om vegvesenet; ved å redusera litt på kravet til standard, kan utgiftene reduserast til under det halve.

Eg likar det gamle slagordet til Arbeidarpartiet; Yt etter evne, krev etter behov. Målet må vera at me alle skal ha eit godt liv, utan ekstrem rikdom eller fattigdom. Det er noko galt i eit samfunn der nokre få grev til seg det aller meste av verdiar.

Nokre prinsipp til reform burde vore sjølvsagde. Inntekter skal skattast der dei er skapt, noko til kommunen, noko til stat og fylke. Ikkje til hovedkontor i utlandet, som Coca Cola, Apple, Google, Hovedkontora til slike skaper lite og ingen ting, og skal heller ikkje bokførast med inntekter ut over lønsinntekter til tilsette. Dermed ville det ikkje vera interessant å flagga ut hovedkontor og rik eigar. Skatten for inntektene heime i Norge ville vera den same, uansett om kontoradressen er i utlandet eller her heime.

Ein god ide, gratis: Skattelette bør koma der alle kan få glede av det; gjerne ved på auka den skattefrie delen av inntekta, og redusera prosenten på skatt på inntekter opp mot den halve millionen. Deretter må gjerne skatten vera progressiv.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.