Sterkt kritikkverdig
Foto: Eg vil heller ha fred ...

Sterkt kritikkverdig

Dette er overskrifta på eit innlegg i Forsvarets Forum i dag. Riksrevisjonen har gått gjennom investeringar i nytt materiell til forsvaret.

Av Svein Grødaland.

Dette er overskrifta på eit innlegg i Forsvarets Forum i dag. Riksrevisjonen har gått gjennom investeringar i nytt materiell til forsvaret.

«Rapporten peker på uklare ansvarslinjer, uklar styring og at det blir planlagt flere prosjekter enn det er kapasitet og ressurser til. Det høres ut som driften av en russebuss», skriv ansvarlig redaktør i Forsvarets forum, Anne Karin Pessl-Kleiven.

Artikkelen samanliknar situasjonen med styring av ein russebuss. Komplett kaos. Gjennomsnitt forsinka ventetid på bestillingar er fem år, melder rapporten.

Situasjonen er ikkje unik. Politikarane lagar planar og løyver pengar. Men ingen politikar kan skaffa personell no til å oppfylla den politiske lista til julenissen.

Les mer: Det siste nye er at nå kjem Ukraina til å vinna krigen

Dette går igjen over heile fjøla.

Det vert peika ut satsingsområde og løyvt pengar innan dei fleste offentlege etatane. Både forsvar, politi, tollvesen, skule og helse har for lite personell til at dei kan gjera jobben godt nok. Kor er alt folket som skal gjera jobben?

Avtroppande generalsekretær i Nato påstår at alliansen er styrkt i hans tid. Den situasjonen forsvarets forum skisserer, minner lite om eit styrkt forsvar. Den gode Stoltenberg er nok heller nede på vedtaknivå. Han har nasen djupt nede i papir og planar, og vakre tankar om det som er tenkt.

Nato er svakare etter ti år med Stoltenberg. Nato si grense mot Russland er dobla etter at Finland gjekk inn i alliansen. Ungarn opponerer mot Nato si linje, og Tyrkia syslar med tanken om å slutta seg til BRICS. (fienden) Nato har problem med ein relativt liten krig, som den i Ukraina. For å bruka eit ord frå retorikken nokre år tilbake. Nato er ein papirtiger.

Les mer: Med to tunger?

Artikkelen i FF peikar på eit grunnleggjande problem: Nato har ikkje evne til å produsera nok materiell fort nok. Andre kjelder melder at andre har missiler som vesten ikkje kan stansa: Hypersoniske missil av typen Iskander. Sjølv om Nato skal vera den sterkaste militære alliansen på kloden, har motparten eit forsprang på teknologi.

Heilt sidan mi tid i det militære har Sovjet / Russland vore FI. Fienden. Lenge trudde eg på dette. Faktum er at Russland ikkje er FI. Vårt største problem ligg i vårt medlemskap i Nato. Me er klistra til USA sine ekspansive intensjonar. Det gjer oss utsette for både motangrep og open krig.

Hadde Nato blitt lagt ned i lag med Sovjet og Warszawapakta, hadde både Europa og kluden vore ein bedre stad. Av ein eller annan grunn har Nato halde oppe fiendebiletet av Russland. Det er stort sett ein stat som har hatt interesse av det: USA. Det er i Norge og Europa sin interesse å ha fred med Russland, Kina og for den saks skuld.

USA sitt problem med Kina, er at dette landet utfordrar USA på økonomien. USA er primitivt nok til å svara med rasling av våpen.

Det som er sant, er at situasjonen er dyster. Det er litt for mange som går rundt og trur at krig løyser problem. Tvert imot: Krig skaper problem for alle som er med.

Les mer: Ikkje eit einaste kritisk spørsmål

PS: Stockholms Internasjonale Fredsforskningsinstitutt utgir årlige rapporter om verdens militære utgifter. For 2023 ser det slik ut:

NATO: 1341 milliarder dollar – 55% av verdens samlede militærutgifter.

Russland: 109 milliarder dollar – 4,5% av verdens samlede militære utgifter

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.