...
Foto: Under WW2 var dette ein del av forsvarsverket mot invasjon frå havet. Store steinar skulle hindra tanks i å gå i land.
Foto: Under WW2 var dette ein del av forsvarsverket mot invasjon frå havet. Store steinar skulle hindra tanks i å gå i land.

Ikkje nok missiler

I går meldte NRK at det ikkje er nok missiler til å gjera våre F-35 fly klar til kamp

I går meldte NRK at det ikkje er nok missiler til å gjera våre F-35 fly klar til kamp. Det vert berre produsert tolv hundre av dei om året, og behovet i Ukraina er så stort for tida at me stiller bak i køen, sjølv om me berre treng ein håndfull av det. Pr i dag er det ei leveringstid på to til fire år på desse missilene. Saka var også omtalt på NRK.no.

Forsvarsjefen fossror overfor NRK for å gjera dette etande og akseptabelt. Mangel på missil er gradert informasjon, akkurat som kor mange som manglar, er det.

Les mer: Om makt og krig

Sett frå utsida, frå eit sivilt synspunkt, er ikkje denne situasjonen akseptabel. Fornuften tilseier at det må til ei kvar tid må vera balanse mellom våpen og ammunisjon, i dette tilfellet fly og missiler. F35 flya skal vera den mest kostbare statlege investeringa uansett etat.

Det fører meg vidare til neste kjepphest: Militært utstyr er nå så kostbart og komplisert at det ikkje let seg gjera å produsera det fort nok om det skulle verta alvor. Stikkord: Ukraina.

Ut frå denne logikken, vil det minst utvikla landet ha det beste militæret. Nato fekk juling i Afghanistan, og det ligg til rette for det same i Ukraina. Det siste fordi den russiske produksjonen av tilavarande våpen kostar ein brøkdel. Vesten slit med kapitalisme og grådige investorar. Dei ofrar ikkje ein cent for å gjera produksjonen av våpen billigare og meir effektiv.

Les mer: Sterkt kritikkverdig

Så kan me stilla spørsmål ved kor gjerdet er lågast, kor me er mest sårbare. Dem utfordringa ligg ein heilt annan stad. Vert hovedstraumbrytaren for el-forsyninga sett ut av spel, stoppar Norge. Det gjer også det militære forsvaret. Ei lita sabotsjegruppe vill vera nok til å setja heile landet ut av spel.

Datanettet vil også verta sett ut av spel ved ein sabotasje av el-nettet. Heile samfunnet er styrt via datanettet. Bank, Post. Nyhetstenesta. Butikkane. Bensinstasjonane, for ikkje å snakka om ladenettet for el-bilar.

Det einaste det tradisjonelle militæret kan stilla opp mot dette, er vaktstyrker. Ikkje fly eller andre avanserte våpen. Det seiest at generalar til alle tider har brukt forrige krig til å analysera ein eventuell ny krig. Det har hendt ein del i åra etter 1945. Det som var moderne og god taktisk planlegging den gongen, er ein smule avlegs nå.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.