...
Foto: Me kunne hatt det godt
Foto: Me kunne hatt det godt

Om makt og krig

"Krig handlar som oftast om at mektige menn vil ha meir makt."

Av Svein Grødaland

Krig handlar som oftast om at mektige menn vil ha meir makt. Då vert unge menn utan makt kommandert ut for å forsvara sine mektige menn. Dei skal kjempa mot andre unge menn utan makt. Slik har det vore til alle tider. Vilje til makt. Unge menn utan makt kjemper mot andre unge menn utan makt.

Før i tida var krig mykje enklare. Dei slåss med sine primitive våpen til ein av partane hadde fått nok. Mange unge menn utan makt låg att på slagmarka.

Det gjer dei framleis. Skilnaden er nå at dei ikkje ser fienden, er ikkje nær nok til å sjå han i auga og erkjenna at han og er eit menneske. Geværet er snart like avlegs som spyd, sverd, pil og boge. Nå handlar det om droner, kanonar, missiler. Barbariet har nådd eit høgare og meir umenneskeleg nivå. Det siste er å putta sprengstoff i personsøkjarar og anna sambandsutstyr, og la alt eksplodera i ein samordna aksjon. Dette ville til vanleg blitt rekna som blind terror. Sidan det var utført av ein av dei mektige sine vasallar, var reaksjonane heller milde.

I dag er terror den avmektige sin krig mot den mektige. Små nålestikk mot den mektige. Ei bombe her, ein sabotasje der.

Rota til problemet er at dei mektige statane har ambisjon om å verta mektigare og rikare. Dei har etatar som syter for moldvarparbeidet, organiserer små revolusjonar, syter for å setja inn sine folk i styret i land etter land. Dei som set seg mot dette, vert ofte kalla ting som terroristar, geriljakrigarar. Ulovleg opposisjon. Dei er lovleg vilt for den mektige som har teke kontroll i landet deira. Dei likar å kalla slikt for ulovleg etter internasjonalt regelverk og orden. Desse er gjerne definert av dei mektige, dei som har minst bruk for eit slikt regelverk til anna enn eige bruk.

***

Så langt har eg prøvd å unngå å hengja bjølla på katten. Gjer eg det, vil dei som er solidarisk med ein av dei mektige statane avvisa det eg skriv som tull og tøys. Faktum er at me framleis lever i ein fredeleg krok av kloden. Me kunne hatt set rimeleg bra. I staden har me slege lag med ein mektig, prøver å dansa den mektige sin dans. Problemet er at dette ser me ikkje. Vil ikkje sjå. Den mektige får alltid sitt.Me andre sit att med Svarteper. Som taparen.

* Til den politisk korrekte: Svarteper er eit kortspel for born frå vår ungdom. Ein variant vart kalla “Gammel Jomfru”. Det er ikkje stort bedre.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.