...
Partiet
Foto: Det er ingen samanheng mellom kapellet på biletet og dei aktuelle menighetene som boka handlar om.

Partiet

Boka Partiet har skapt oppstyr.

Av Svein Grødaland

Boka Partiet har skapt oppstyr. Det handlar om det indre liv i Arbeidarpartiet, det livet som først dukkar opp når kamera og mikrofonar er stengt av. Eg skal ikkje ta stilling til innhald her, berre seia litt om arbeidsmetode.

Eg har vore med på noko liknande for drygt tretti år sidan. Oppdraget var å popularisera ei hovedoppgåve i religionsosiologi. Det handla om nokre tungt tilgjengelege menigheter. Dei var prinsippielt skeptisk til alt utanforståande, spesielt pressefolk og liknande. Dei avviste konsekvent alle forsøk på intervju på vanleg måte. På det tidspunktet hadde eg bakgrunn som journalist, med god kjennskap til presse-etiske reglar.

Les mer: Skattepolitikk

Me hadde ei historie me ville få fram, og me visste det var interesse for denne. Vår lokale sokneprest var interessert i prosjektet, og hadde bede min kollega om å popularisera denne. Eg vart dregen inn i dette, nettopp på grunn av min pressebakgrunn.

Kva så? Me valde å leggja vekk hovedfagoppgåva og starta med blanke ark. Me fekk tak i litt skriftleg kjeldemateriale, me møtte på nokre gudstenester og me prøvde å få i stand nokre intervju. Dei fleste som ville seia noko, var i periferien i menighetene. Dei var villige til å snakka, men helst ikkje under fullt namn. Ein person, ein pastor, vart lurt av underteikna. Han gjekk med på å orientera oss for å ungå faktafeil i boka. Han ville ikkje la seg intervjua. Når boka først skulle koma, var det viktig for han at det vart rett gjengitt.

Eg møtte han på kontoret. Me hadde ein god og informativ prat. Eg tok ingen notat der og då. Vel utanfor synsvidde stoppa eg og skreiv ned alt etter minnet. Det vart til eit kapittel i boka. Då vedkomande pastor fekk sjå resultatet, spurte han om eg hadde brukt skjult opptak. Det hadde eg ikkje.

Les mer: Matpolitikk

Presse-etisk var dette intervuet diskutabelt. Når me gjorde det på den måten, var det for å få med den breidden me hadde bruk for.

For meg vert boka om Partiet ein parallell til vårt arbeid med Dei Sterktruande, som var tittelen på vår bok. Av og til må ein gå på kanten av gode prinsipp for å få fram ei historie. Slik sett har forfattarane av Partiet gitt eit nyttig bidrag til den indre livet i Partiet. Skulle dei halde seg etter alle formelle og etiske krav, hadde det ikkje blitt noko bok. At folk i partiet reagerer, er berre som venta. Det betyr i mine øyrer at det må vera ein del sanning i det som kjem fram, og at hovedlinjene stort sett stemmer. Boka er på mi innkjøpsliste.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.