Bensin på bål ...
Illustrasjonsbilde.

Bensin på bål …

Nå ser verda mot Midtausten. Lojalitet eller fordømming varierer i samsvar med politiske bindingar.

Av Svein Grødaland

Små nålestikkaksjonar vert kalla terror. Spesielt når det er utført mot oss. Når vår side går til massive angrep er det legitimt forsvar av våre interesser.

Nå ser verda mot Midtausten. Lojalitet eller fordømming varierer i samsvar med politiske bindingar.

Det starta med at den okkuperte gjennomførte eit raid mot okkupanten. Som så ofte før, var dette berre eit steg vidare på gamle motsetningar. All krig startar med gamle motsetningar, eller krav så er så urimelege at krig ikkje til til å unngå.

Nøkkelen til å forstå dette, ligg i imperiene sine disposisjonar. Dette går heilt tilbake til historia sin morgon. Romerriket. Djengis Kahn. Våre krigar har stort sett sine røter tilbake til sytten- og attenhundretalet.

Dette var perioden då nokre få nasjonar gjorde seg rike og mektige gjennom plyndring av koloniane sine. England. Frankrike. I dag har andre makter teke føringa. Etterdønningane etter dei første fins ennå. Motsetningane som vart skapt gjennom koloniveldet ligg og lurer, noko under overflata, andre svært synlege.

I dag vaklar dei vestlege imperiene under si eiga vekt. Mykje av dei store konfliktene på jorda er skapt av gammal kolonialisme.

Handelspartnarar kan fritt handla med kvarandre, til felles interesse. Når handelen vert asymertrisk, til fordel for den mektige, at me kan snakka om utbytting og kolonivelde.

Nå er dei gamle kolonimaktene på hell. Dei bjeffer som ein liten hund som trur han er stor. Kverna mel sakte og sikkert. Fleire opprør er retta mot kolonimaktene, eller deira marionetter i landet. Frankrike har ennå solide sugerøyr i Afrika. USA arbeider framleis med å etablera sine.

Eg har ein liten test på om slike opprør er verd å støtta eller ikkje. Vert dei støtta av kolonimaktene, er opprøraren marionette for kolonimakta. Vert opprører fordømt av dei same kolonimaktene, er det grunn til å tru at opprører var ein reaksjon på gammal undertrykking.

Det å lukka augene for historia bak krig og opprør, er å insistera på at dette vil me ikkje forstå. Det er farleg å forstå, for då må ein kanskje forlata gamle sanningar.

Det var kanskje ikkje slik me trudde det var.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.