...
To historier. Den eine skriv seg frå handverkaren som hadde posten GDSGD på rekningane sine. Der hadde han ført opp ein høveleg sum. Ein kritisk kunde spurde kva dette var. Svaret kom kontant: Går Det, Så Går Det. Denne gongen gjekk det ikkje, sa handverkaren og strauk ut posten. Den andre historia er verre. Styresmakter og andre makter kjem med rare pålegg. Frå England vert det meldt at alle som har fugl, må registrera dette hjå styresmaktene. Berre innefugl, som papegøye og undulat, er unnateke registrering. Det heiter seg at dette er nødvendig for å halda kontroll med fugleinfluensa. Britane finn seg ikkje i dette. Nå registrerer dei alt, frå utstoppa fuglar til egg i kjøleskapet. Det resulterer i at nettsida som skal ta imot registreringane, vert sprengt. Ein månad ventetid for å få registreringa registrert. Eg likar tanken bak protesten. Det går ei historie frå den gongen eg var tillitsvald i skulen. - Kva skjer dersom du legg alle lærarane i ein sirkel rundt ekvator? - Dei vert liggjande. Eg trur me kunne lagt det meste av våre landsmenn i ein slik sirkel. Dei hadde godteke det utan å mukka (som vanleg) og blitt liggjande. Me som er litt eldre, veit at ting ikkje nødvendigvis må vera som i dag. I min ungdom kunne alle få ei kommunal tomt og byggja eit husbankhus til ein rimeleg penge. Dette var akkurat stort nok til å vera brukande både når familien vaks, og brukbart i alderdommen. Mange kunne bu i slike hus heile livet. Hysj. Ingen må få veta at slikt gjekk an. I dag er dette erstatta med marknad. Prisane går til himmels, og mange er utestengde frå å finna eigen bustad. Frisleppet på åttitalet var ein reform til det verre. Det same med straumen. I min ungdom, og lenge til, hadde me rikeleg straum til ein rimeleg pris. Så kom marknaden, som skulle fora spekulantar og andre snyltedyr. Me finn oss i det, og betaler. Kva med klimatiltaka? Snyltarane kokar i hop stadig nye måtar å flå oss. Naive nordmenn trur alt me vert fortalt. Ei fortvilt Gro Harlem Brundtland sukka over dette: Nå har me ikkje lenger kontroll med kva folk vert fortalt. Forsking seier at rundt åtti prosent av oss har full tillit til styresmaktene og trur på alt som vert sagt. Tjue prosent av oss er alt frå ein smule skeptisk til aktiv opposisjon.
Eige foto.

G.D.S.G.D.

Går det, så går det.

Av Svein Grødaland

To historier. Den eine skriv seg frå handverkaren som hadde posten GDSGD på rekningane sine. Der hadde han ført opp ein høveleg sum. Ein kritisk kunde spurde kva dette var.

Svaret kom kontant: Går Det, Så Går Det. Denne gongen gjekk det ikkje, sa handverkaren og strauk ut posten.

Den andre historia er verre. Styresmakter og andre makter kjem med rare pålegg. Frå England vert det meldt at alle som har fugl, må registrera dette hjå styresmaktene. Berre innefugl, som papegøye og undulat, er unnateke registrering. Det heiter seg at dette er nødvendig for å halda kontroll med fugleinfluensa.

Les mer: Bensin på bål …

Britane finn seg ikkje i dette. Nå registrerer dei alt, frå utstoppa fuglar til egg i kjøleskapet. Det resulterer i at nettsida som skal ta imot registreringane, vert sprengt. Ein månad ventetid for å få registreringa registrert.

Eg likar tanken bak protesten. Det går ei historie frå den gongen eg var tillitsvald i skulen.

– Kva skjer dersom du legg alle lærarane i ein sirkel rundt ekvator?

– Dei vert liggjande.

Eg trur me kunne lagt det meste av våre landsmenn i ein slik sirkel. Dei hadde godteke det utan å mukka (som vanleg) og blitt liggjande.

Les mer: Om makt og krig

Me som er litt eldre, veit at ting ikkje nødvendigvis må vera som i dag. I min ungdom kunne alle få ei kommunal tomt og byggja eit husbankhus til ein rimeleg penge. Dette var akkurat stort nok til å vera brukande både når familien vaks, og brukbart i alderdommen. Mange kunne bu i slike hus heile livet. Hysj. Ingen må få veta at slikt gjekk an.

I dag er dette erstatta med marknad. Prisane går til himmels, og mange er utestengde frå å finna eigen bustad. Frisleppet på åttitalet var ein reform til det verre.

Det same med straumen. I min ungdom, og lenge til, hadde me rikeleg straum til ein rimeleg pris. Så kom marknaden, som skulle fora spekulantar og andre snyltedyr. Me finn oss i det, og betaler.

Kva med klimatiltaka? Snyltarane kokar i hop stadig nye måtar å flå oss. Naive nordmenn trur alt me vert fortalt. Ei fortvilt Gro Harlem Brundtland sukka over dette: Nå har me ikkje lenger kontroll med kva folk vert fortalt.

Forsking seier at rundt åtti prosent av oss har full tillit til styresmaktene og trur på alt som vert sagt. Tjue prosent av oss er alt frå ein smule skeptisk til aktiv opposisjon.

Loading

Siste fra Blog

Trump: Fredsskaperen

Trump: Fredsskaperen

Alexander Dugin hevder at Donald Trumps retorikk omformer det amerikanske politiske landskapet ved å ta tak i den økende misnøyen med Demokratenes ødeleggende, krigsdrevne utenrikspolitikk. Samtidig sliter Kamala Harris, som mangler både

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.