Foto: Livet er for godt og vakkert til å søla det bort på meiningslaus krig. Hærverk. Hæren sine gjerningar.
Foto: Livet er for godt og vakkert til å søla det bort på meiningslaus krig. Hærverk. Hæren sine gjerningar.

Forsvar??

Alle nasjonar ser ut til å kalla hæren sin for forsvar.

Av Svein Grødaland

Alle nasjonar ser ut til å kalla hæren sin for forsvar. Det kling litt holt når ein veit at ein del armear ikkje har forsvart noko som helst dei siste tre-fire tiåra. Tvert imot. Store angrep vert gjennomført av eit “forsvar”.

Sjølv vår heimlege hær vert utstyrt til noko heilt anna enn å forsvara landet vårt. Kva skal me med rakettar som rekk over mange landegrenser? Fly som er laga med tanke på angrep, ikkje først og fremst som forsvar mot andre fly. Basar under US-amerkansk jurisdisjon. Er vårt norske forsvar redusert til agentar for ei framand makt med andre interesser enn våre?

Sjølv har eg gjennomført mi militærteste i den tida me kalla den kalde krigen. Det var stort sett ein verbal krig der supermaktene kjende kvarandre på tennene og passa på at det var balanse i sakene.

Den balansen vart broten då Sovjet kollapsa. Den andre supermakta stå att åleine på arenaen og kjende seg mektig. Svært mektig. Nå skulle domenet utvidast inn på den gamle fienden sitt område. Det var enkelt dei første åra. Vesten hadde plassert ein kontrollerbar person på toppen i Russland. Neste mann fekk ei tung oppgåve i motbakke. Landet kom etter kvart på fote igjen. Det gjekk tyngre å vinna nytt land. Nye medlemmer i den såkalla forsvarsalliansen Nato. Nato kunne ha fungert i den forstand at det aldri har vore angrep på eit natoland. Men Nato er blitt misbrukt til destruktive militære eventyr.

Våpenindustrien har sterke lobbyistar som kviskrar tankar til ufred i øyrene til korrupte politikarar. Dei let seg kjøpa.

Nå er det snart valg i USA. Dermed går dei to partia på gummisålar, redd for å fornærma både veljarar og sponsorar. Dei siste er viktigast.

Litt ordspel: Kva er avstanden mellom hær og hærverk? Svært liten, spør du meg. Det held å sjå til Midt-austen nå om dagen.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.