Foto: Ingen ting varer evig. Før eller sidan kjem naturen og ryddar opp etter oss. (Motivet er ikkje arrangert. Det låg og venta på meg.)
Foto: Ingen ting varer evig. Før eller sidan kjem naturen og ryddar opp etter oss. (Motivet er ikkje arrangert. Det låg og venta på meg.)

Krise etter krise

Kven er aktørane i dette skodespelet?

Av Svein Grødaland

I går brukte NRK ein del tid på at alpinsesongen startar om eit par veker, og at det så langt ikkje fins dekning for dette på norske TV-kanalar. Idrettsfolka er urolege for at deira innsats i bakken ikkje vert formidla inn i norske heimar på norsk.

Kven er aktørane i dette skodespelet?

Dei mest synlege er idrettsfolka sjølv, dei som kappast om å koma først til mål, eller på kortast tid. Dei treng, sett på spissen, ikkje anna enn snø og ein skiheis.

Her er meir. Også desse har eit massivt støtteapparat. Det kostar pengar. Mykje pengar.

Kor kjem pengane frå? Nå byrjar ting å verta interessant. Nokre av oss hugsar ei tid då idretten hadde ein amatørparagraf. Profesjonelle kunne ikkje delta på linje med amatørane. Det var ikkje lov å driva reklame eller ta seg betalt for idretten.

Amatørparagrafane forsvann, og idretten vart kommersialisert. Pengane byrja å strøyma inn til idretten.

Eg har alltid lurt på kven som til sjuande og sist betaler for dette kalaset. Går næringslivet så godt at dei har råd til å bruka millionar på idretten? Nokre firma har byrja å revurdera støtta til idrett. Dei vil heller bruka pengane på forsking, unge talent i den retninga, til og med på kultur som musikk og teater. Eg har ikkje fått med meg at den lokale idretten lir av den same pengetørken. I så fall; interessant.

Sjølve hamsterhjulet i dette opplegget er reklame, reklame som skal få oss til å kjøpa meir, bruka meir, prioritera dei store framfor lokale produkt. Det er ein del merkevarer eg styrer unna fordi dei kjem frå store, rike og mektige multinasjonale konsern. Me har eit lokalt (norsk) produkt som heiter Solo.

I ei tid då overforbruk er eit problem, er alle forsøk på å auka det forbruket negativt. Så også reklamen og sponsinga av idrett. Eg kunne akseptert det dersom sponsorane levde etter Boka sitt prinsipp am å ikkje la den eine handa veta kva den andre gjer (når du gjer ei god gjerning). Næringslivet må gjerne bruka pengar på idrett. Dei treng berre ikkje å ropa det ut frå alle hustak om kor gavmilde dei er overfor idretten.

Ein ting til: Media skal ikkje betala for å få tilgjenge til nyhetsaker. Så lenge TV-kanalane må betala for å visa dette, er ikkje idretten nyhetssak, og har heller ikkje ein naturleg plass i våre media sine nyhetsendingar. Det burde vore NRK sin sjølvsagde rett til å stilla med reportar og kamera på arenaen utan å måtta betala for det. Eller sidekanalen TV2 for den saks skuld.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.