Av Svein Grødaland
Den vise kong Salomo kunne ikkje gjort det bedre. Nobelkomiteen har gitt fredsprisen til ein grasrotaksjon i Japan. Denne har i fleire ti-år halde minnet om helvetet i Hiroshima og Nagasaki levande.
Nihon Hidankyō, en grasrotbevegelsen av atombombe-overlevende fra Hiroshima og Nagasaki, får fredsprisen for sine forsøk på å oppnå en verden fri for atomvåpen. (NRK)
Prisen rettar ikkje berre peikefingen mot dei andre. Den har ei klar melding til alle nasjonar som har atomvåpen: Det er på alle måtar forkasteleg å bruka desse. Peikefingen går ikkje minst til det landet som har brukt atombomber mot sivile, ikkje berre ein gong, men to gonger. Den går også til oss, som er alliert med atommakter. Desse bombene er ikkje ein del av vårt forsvar.
Det er andre gongen denne prisen går til kampen mot atomvåpen. I 2017 fekk Ican (Den internasjonale kampanjen for forbud mot atomvåpen) prisen for sitt arbeid mot atomvåpen. Den gongen sat makta stiv og strunk i salen, og let demonstrativt vera å applaudera for prisen. Den var lite populær, men desto meir riktig.
Prisen i år går rett inn i den aktuelle situasjonen, der meir enn ein stat raslar med atomvåpen, eller vurderer aksjonar som kan føra til desperat bruk av slike våpen. Ingen krigførande part går fri. Norge er i denne samanhengen aktiv i krig.
Her er meir. Nobelprisvinnare i litteratur, Han Kang, har og eit kort i ermet.
I boka “Dette er ikkje farvel” (1920) skildrar ho massakren på øya Jejo (Korea) i 1948. Øyvind Andresen skriv i ein omtale:
– Deling av landet i to deler møtte stor motstand blant mange koreanere. Det brøt ut protester på Jeju som ble brutalt slått ned av det koreanske og amerikanske militæret vinteren 1948. Kang skriver i sin roman på side 259:
«Denne vinteren ble 30.000 drept på denne øya. Sommeren året etter ble 20.000 drept på fastlandet. Det er ingen tilfeldighet. Etter ordre fra det amerikanske militæret kunne man drepe alle 300.000 på denne øya, så lenge det stoppet kommunismen».
United States Army Military Government in Korea var det offisielle styrende organet på den sørlige halvdelen av Korea då opprørene på Jeju ble slått ned.
Fredsprisen er, truleg med rette, blitt skulda for å vera agent for vestlege interesser. Den er gitt til opposisjonelle i land me ikkje likar. Våre eigne opposisjonelle har aldri vore reelle kandidatar. Julian Assange, Edward Snowden. Nobel sitt testamente seier at prisen skal gå til aktivt fredsarbeid og nedrusting Denne gongen er prisen innanfor Nobel sitt testamente. Trur eg.