Velkommen etter, NRK

Velkommen etter, NRK

Også NRK har oppdaga BRICS, og gitt dei sendetid i Nyhetsmorgon.

Av: Svein Grødaland

Kanalen hadde henta inn ein professor i økonomi for å forklara oss uvitande om kor vidt US-dollaren let seg erstatta av noko anna. Professoren kunne roa ned folket, slikt ville neppe skje. Til det er dollaren alt for sentral i handelen mellom nasjonar.

Professoren hadde mest fokus på arbeidet med ein alternativ valuta for å erstatta dollaren. Kva med EU og euroen? Professoren nemner at dei europeiske økonomiane er meir lik kvarandre. Kontrastane inna BRICS er langt større og meir problematiske.

Javel. Hellas sett opp mot Tyskland. Eller Italia? Euro har vore tung kost å fordøya for dei fattigaste landa i EU.

Dei av oss som held seg med eit litt breiare tilfang av informasjon, veit at dette ikkje er alt. Sjølve poenget med BRICS er ikkje valuta, men ein multipolar orden, med fleire økonomiske tyngdepunkt. Planen er eit alternativ til erstatning for USA sin einsidige dominans.

Kven er BRICS? Ideen bak? Utgangspunktet er at både Sør-Amerika, Afrika og Asia er blitt styrt og plyndra av kolonimakter. Ironisk nok har krigen i Ukraina og sanksjonane mot Russland sett fart på dette. Brigsmøtet viser at Putin på ingen måte er isolert internasjonalt.

I dag brukar vesten litt meir subtile verkemiddel: Sanksjonar og blokkadar. Eit vestleg kontrollert betalingssystem kan brukast til å frysa andre land sine verdiar, slik det vert gjort mot Russland. Når vestlege land syslar med tanken på bruka beslaglagte verdiar til å byggja opp Ukraina, fyrer dette opp under arbeidet med å få etablert eit alternativ. Ei lang rekke nasjonar er utsett for slike sanksjonar. Cuba er kanskje det mest kjende. Dei har stått imot blokade frå USA sidan sekstitalet. Det er ikkje kommunistisk vanstyre som er grunnen til Cuba sine økonomiske problem. Det er blokaden frå USA.

Det er neppe snakk om noko valutaunion i regi av BRICS. I første omgang kan ein fasa ut US-dollars ved å handla i eigen valuta. Gjera dollaren mindre dominerande.

Lukkast dette, kan det i verste fall vera katastrofalt for den amerikanske økonomien. Dollaren er basert på tillit, at alle nasjonar handlar seg i mellom i dollar. Ryk den tilliten, kan børskrakket i 1929 vera reine barnematen.

Vonar eg tek feil.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.