Verda vakna til eit nytt mareritt (Dagsavisen)
Eige foto.

Verda vakna til eit nytt mareritt (Dagsavisen)

Det går ikkje vår veg, Det går ikkje Vesten sin veg. Donald Trump vert president i USA, og katastrofeklokkene ringer.

Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Av Svein Grødaland

Det går ikkje vår veg, Det går ikkje Vesten sin veg. Donald Trump vert president i USA, og katastrofeklokkene ringer. Etter kvart som media vaknar opp i bakrus, spreier panikken seg. Dette hadde ingen tenkt seg. Neivel. Slik går det når alle tenker likt. Media har fare fram som reine saueflokken. Kor har dei kritiske spørsmåla vore? Har dei fått sleppa fram?

Den nye presidenten i USA heiter altså Donald Trump. Bra. Bedre enn ein søvngjengeraktig demokratisk politikk der det lett hadde blitt meir av det same. Det kan verta mindre til botnlause klimatiltak utan effekt. Bra.

Det er berre å slå fast at innanriks saker framleis er viktigare for veljarane enn saker i utlandet. Europa. Asia. Eg skulle tru at USA har nok med seg sjølv. Krig og gjeld tappar økonomien. Men våpenindustrien har hatt gode tider.

Europa må slutta å dansa etter USA si pipe. Det har berre skapt minnehøgtider for falne soldatar i teneste for USA. Afghanistan. Det var arrangement på Akershus på Allehelgensdagen. Der vart levande og døde veteranar feira, og tildelt nokre små blikkplater, også kalla medaljer. Kva er ein medalje mot å vera i live? Sleppa traumene etter krigen?

Så går det mot ein slutt på krigen i Ukraina. Bra. Det stoppar opp av noko så enkelt som mangel på soldatar. Ukraina treng eit par hundre tusen nye soldatar. Dei fins ikkje. Hadde dei vore der, ville det teke alt for lang tid med trening og opplæring til at dei kunne gjort nytte for seg ved fronten. Den krigen kunne vore slutt for lenge sidan, om det ikkje var for Boris Johnsen som ville ha meir krig.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.