Trump - A New Deal?
Eige foto.

Trump – A New Deal?

Katastrofeklokkene ringer framleis. I dag melder NRK at Kirkens SOS har fått mange telefonar der folk har fått panikk etter valget i USA.

Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Av: Svein Grødaland

Katastrofeklokkene ringer framleis. I dag melder NRK at Kirkens SOS har fått mange telefonar der folk har fått panikk etter valget i USA. Det handlar både om kandidatane sin retorikk, og usikkerhet om kva som skjer vidare.

Trump går til jobben med tankar om å snu på ting.

Då trengs det ro og ettertanke hos den politiske eliten i Europa. Europa er blitt dressert til å dansa etter USA si pipe, kanskje spesielt dei siste åra. For å ta det mest dramatiske først: Krigen. Skal Europa trappa opp engasjementet i Ukraina dersom USA reduserer sitt? Skal USA narra naive politikarar i Europa til å bruka stadig meir på å kjøpa våpen frå USA? Våpenlobbyen i USA gnir seg i hendene. Dette er utspekulert kapitalisme. Det beste ville vera om den krigen var over før Trump overtok makta. Det er kanskje den einaste sjansen Europa får til å kunna sjå nøkternt på situasjonen. Til nå har det vore reine krigsrusen.

Dei økonomiske fagfolka snakkar om renter og valutakurs. Dei har sine formlar, og har rekna ut at Trump med sine tollmurar vil føra til dyrtid både i USA og Europa.

***

Eit heilt anna aspekt. Folk nederst ved bordet har slutta opp om Trump. Folk har sett at under Biden sitt regime har inntektene gått ned og prisane auka. Tomas Seltzer har med sine UXA-program på NRK retta søkelyset på folk flest sin situasjon. Nå reknar dei med å få valuta for røystene sine. Får dei det?

Eg er skeptisk. Det vil bety overføring av makt og kapital frå kapitalen til folk flest. Det vil bety at arbeidsgjevarane betaler nok til at arbeidsfolk får eit anstendig liv. Fagforeningsknusaren Ilon Musk er tiltenkt ein rolle i sentral maktposisjon. Vil han arbeida for bedre kår for arbeidsfolk? Vil Trump sjølv, som rik kapitalist, redusera sitt overskot til fordel for sine tilsette? Eg let spørsmålet stå ope.

***

Verdsbiletet har endra seg dei siste åra. USA er ikkje åleine stormakt på den globale arenaen. Mindre maktsentra etablerer seg i ein multipolar verdsorden. Framsynte politikarar (Urban, Fico) har innsett dette, og byrjar å posisjonera seg. Tyrkia er heller ikkje så villig til å dansa etter Vesten si pipe. Våre heimlege politikarar spelar den same plata, med sine små lokale musikkstykke. EU er løysinga. Verkeleg? Styrking av forsvaret. Er meir militært utstyr og vesen svaret på komande utfordringar? Eg trur ikkje det, når ein liten gjeng sabotørar kan slå ut heile el-nettet med ein målretta aksjon. Ingen F-35 fly kan hindra noko slikt. USA sine hangarskip er snart like relevante som riddarborgene i middelalderen. Nye og meir destruktive våpen gjorde dei til reine rottefella for dei som var bak murane.

Eit interessant døme er fregatten som kolliderte med eit sivilt fartøy. Fregatten sokk medan det sivile fartøyet berre rista litt på seg og segla vidare. Tynnplatepanser?

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.