Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Av: Svein Grødaland
Også folk flest har andre ting å tenkja på.
Media er ikkje lenger så kjappe med å dra klimakortet kvar gong det er litt uvær eller varmare enn vanleg. Det er både naturleg og vanleg at temperaturen varierer både i det korte og det lange perspektivet. Det siste heiter endringar i klima. Det skjer heile tida. Det dagsaktuelle vert kalla meteorologi.
I Finmark har FrP teke over Arbeiderpartiet sin plass som det leiande partiet. I Finmark er det spesielt elektrifiseringa av Melkeøya som har irritert folk.
Finmarkingane er eit traust og fornuftig folk. Leveåra er så pass marginale der oppe i nord, at folket har ein godt utvikla sans for kva som er fornuftig.
Elektrifisering av oljeanlegg er ikkje fornuftig. Gevinsten er i beste fall null, mest truleg i minus. Den krafta som vert brukt til prestisjeprosjektet Melkeøya, kunne blitt brukt til noko meir nyttig. Nye arbeidsplasser.
Slik er det heile vegen. Hydrogen: Berre dei mest stanhaftige trur på hydrogen som berar av energi. Rein hydrogen fins ikkje på kloden. Den må vinnast ut med elektrolyse av vatn. Gevinst? Tvilsom.
Enn havvind? Same der. Det er så kostbart å byggja ut at det ikkje let seg gjera økonomisk. Her kan ein verkeleg snakka om havre til daud hest.
El-bilar? Også desse har ei nedside, ein kostnad. Produksjon av batteri er ingen rein industri. Det trengs tonnevis av råvarer for å vinna ut dei nødvendige minerala til eitt batteri. Her er det i tillegg snakk om både barnearbeid og underbetalte arbeidsfolk.
Meir enn ein lokal politikar har hatt dollarteikn i augo med tanke på den batterifabrikken eller datalagringsanlegget som skulle etablerast i kommunen. Det var gjerne snakk om tusenvis av arbeidsplasser. Kor var fornuften? Kva skulle alle desse gjera, kor skulle dei bu, kva med infrastruktur?
Spikeren i kista: Kan me påverka, langt mindre kontrollera klima? Det trengs ikkje svært mykje forsking før ein kan slå fast at klima til alle tider har veksla mellom kjøligare og varmare tider. Dei pengane som vert løyvt på klimatoppmøtet er garantert havre til daud hest.
Foto: Sola er den viktigaste klimaregulatoren.
Les: Andre innlegg med Svein Grødaland