Foto: Gamlehuset frå 1700-talet
Foto: Gamlehuset frå 1700-talet

Ei forteljing om ein gard

Det kan vera stor avstand mellom liv og statistikk. Statisikken seier at talet på bønder gå ned, at bygdene tynnest ut.

Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Av Svein Grødaland

På 1700-talet var Grødaland eit bruk på rundt 1250 mål. Garden ligg ned mot sjøen og opna opp for både fiske og losing. Me er tilbake til før Arne Garborg si tid, då folket ennå leit på skillingen og trøysta seg til Gud. Jæren var fattigsleg, vindhard og karrig.

Havet var ein god, men farleg nabo. Havet kunne by på fersk fisk og sild til salting. Havet kravde til gjengjeld sitt.

Sjøen gjorde at ein hadde eit ekstra bein å stå på. Derfor er gamlehuset tre stover langt, i tillegg til kjøkken og gang. Det vanlege er to stover, kanskje bere ei. Kontrasten til det romslege ser me på husmannsplassen Træet. Der er bustad og løe bygd saman til eit bygg.

Det er tilfeldigheter som bestemmer kven som havnar på Træet eller på Grødaland. Apropos husmenn; det var få av desse på Jæren.

Byggeskikken på Jæren er tilpassa klimaet; lange, låge bygg med skut i begge endane. Husa ligg på langs av den dominerande vindretninga. Skuten er eit lite tilbygg som lener seg mot sjølve huset. Den skjermer for vinden, lyfter den opp over taket på huset.

Det gamle fjøset fortel si eiga historie. Inngangsdøra er så låg og trong at me ikkje hadde klart å få inn ei moderne ku. Hesten kan heller ikkje ha vore av dei største.

Gjødselkjellar? Ei luke i veggen. Dyra sto med hovudet ut mot veggen. Gjødsla vart moka rett ut i friluft. Stellet var enkelt, høy, litt rotfrukter. Potetene hadde ennå ikkje kome til Norge på 1700-talet.

Det var naturalhushald: fisk, kjøt, havre, flatbrød. Sauen bidrog med kjøt og ull. Kanskje dei dyrka litt lin? Eg veit ikkje.

(Meir seinare)

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.