Vinterhuset til Svein Grødaland
Vinterhuset til Svein Grødaland

Forteljinga om ein gard, del 2

Livet gjekk som vanleg fram til vinteren 1827-28. Då slo katastrofen til. Seks born døyr i nervefeber. Den siste gjenlevande sonen blir borte på sjøen i 1830.

Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Av: Svein Grødaland

Berre to systre, Ingeborg og Berta er att. Garden vert delt mellom desse to. Berta er eldst og tek over hovedbruket og gamlehuset. Ingeborg byggjer nytt i 1830. Huset deira er sidan kalla Tore-huset etter mannen til Ingeborg.

Nå har me to bruk. Det skal ikkje gå mange år før dei er blitt til fire bruk. Eg vaks opp på eit av dei.

Gamletunet, har ei historie for seg. Her heitte det seg at min grandonkel Tjerand skulle koma heim frå Amerika for å overta sin del av garden. Han kom aldri. Det vart sagt at han omkom i ein hotellbrann. Jærmuseet som mann på Grødaland (min nevø) har prøvd å finna ut av dette. Han finn ingen spor av noko som helst. Ingen brann, ingen Tjerand. Han har spurt meg, kva eg veit. Han har sjekka arkiv rundt omkring, også i USA.

Resultatet blir at garden vert driven frå Reime på vegne av min onkel, som i si tid gav garden vidare til meg. Han var berre småguten då garden vart skriven over på han. Då han skulle gå i gang for seg sjølv, selde han dei gamle bygningane til museet og bygde nytt. Då er me komne fram til rundt 1950.

Det var “brannen” i Amerika som gjorde at dei gamle husa overlevde. Hadde det ikkje vore for den, hadde Tjerand kome heim og bygd nytt. Då hadde dei gamle jærhusa fått same lagnad som på dei fleste gardane på Jæren.

Også Tore-tunet overlevde framtida. Men garden var det verre med. Den gjekk frå ungkar til ungkar ein del år. Den eine broren overtok etter den andre. På førtitalet vart ein del seld ut av familien etter ei “lang rekke” ungkarar.

Tore-garden vart til slutt seld, ein del til Skogselskapet, resten som tilleggsjord til naboane. Ein forpaktar brukte garden fram til 1959, før han reiste heim og overtok sin eigen heimegard.

Dermed er me bortimot situasjonen av i dag. Men ikkje heilt. Det var dårlege tider, og min farfar såg seg nøydd til å selja ein del av garden til ein nabo. Det tok far tilbake ved å kjøpa ein del av Toregarden. Også desse bygningane vart selde til museet. Det skulle skje meir.

Meir seinare.

Del 1: Ei forteljing om ein gard

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.