Biletet viser at det var det lite tre på Grødaland på den tida.
Biletet viser at det var det lite tre på Grødaland på den tida.

Soga om ein gard, del 4

Nye tider

Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Av: Svein Grødaland

Då eg overtok garden omkring 1990, var det tre sjølvstendige bruk, pluss halvparten av eit fjerde bruk. Alle dreiv med mjølkeproduksjon. I dag er det ikkje ei einaste mjølkeku på Grødaland. Naboen leiger ut jorda, mi jord er seld som tilleggsjord. Den tredje driv stort med slaktekylling, nokre ammekyr og sauer.

Vegen vidare:

Det vert dyrka gras på det som ein gong var min gard. Eg kunne bruka eit par veker på siloslåtten kvar gong, tre gonger om året.

Nå kjem ein traktor med to slåmaskinar bak og ein framme og slår ned heile graset på nokre timar. Deretter kjem ein ny maskin og legg dette opp i ranker.

Så kjem ein tredje maskin og plukkar det opp. To traktorar med tilhengar kjører til og frå. På tre dagar har dei hausta det eg arbeidde eit par veker med. Pluss at dei har dyrka nokre mål til.

Eg er glad eg ikkje er bonde. Det er ikkje sikkert eg hadde hatt råd til å fylgja med utviklinga. Eg er ikkje åleine om det. Ingen av mine kunne overta garden. Dei har andre yrke. Sjølv kjende eg på det eg vil kalla odelstvang då eg fekk spørsmål om å overta garden på nittitalet. Då hadde ein yngre bror teke over heimegarden nokre år før. Det var heilt i orden for meg, for eg visste han var interessert.

Eg trur fleire kjenner på odelstvangen, utan å bruka ordet.

Samtidig er odelsretten sett der til å verna om familiebruket, der eit par kan driva garden i lag. Det er greitt å ha den regelen for å hindra at kapitalen kjøper opp bruk og gjer bøndene til leiglendingar.

Sjølv visste eg at eg ikkje ville verta nokon god bonde. Eg kjende på at slekta venta at eg skulle overta. Eg held det gåande i fem år. Då skjedde det ein del ting som gjorde det naturleg for meg å slutta av som bonde. Det var litt godt å kunna lukka fjøsdøra for siste gong. Nye kapittel i livet sto for tur.

– Kva om ingen vil verta bonde?

– Då sel me garden, var det kontante svaret hjå ein eg snakka med. Dei er ikkje åleine. Mange, kanskje dei fleste gardsbruka slit med rekruttering. Nå snakkar eg om Jæren, eit av dei rikaste jordbruksdistrika i landet.

Eg har snakka med bønder om dette med generasjonsskifte. Ingen vil gje garden til ein som ikkje er interessert. Kanskje dei sel unna jord og driftsbygningar og held att våningshuset? Det var mitt svar på mi utfordring. Eg måtte ha ein liten kamp med Bondelaget om dette. Dei likte ikkje at det dei kalla levedyktige bruk vart lagt ned.

Foto: Slik var Grødaland omkring 1960. Nærast ligg min plass, slik den såg ut den gongen. Så kjem gamletunet og deretter Toretunet. Bruket i det gule huset lengst borte, vart skild ut av Toregarden. Nå er desse bygingane erstatta av meir moderne bygg.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.  

Ikke glem

Femte og siste del av serien til Svein Grødaland om familiegården.

Soga om ein gard, del 5

Nye tider, spor av moderne landbruk