Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Av: Svein Grødaland
Eg har hatt eit par grunnar til å skriva soga om Grødaland på den måten eg har gjort. Poenget har vore å kobla mennesket opp mot tal og statistikk, for ikkje seia dei modellbruka som vert lagt til grunn når jordbruksoppgjeret kjem.
Eg noterer meg at norske bønder vert sintare for kvart år, spesielt dei i Småbrukaralget. Same trenden gjer seg gjeldande i andre land.
Ein annan grunn er at det er lettare å forstå ei utvikling når ein koblar den opp mot ei konkret sak.
Ein tredje grunn er at einkvan myndighetsperson kanskje vil få hjelp til å forstå kva landbruk handlar om. Det var kanskje litt optimistisk.
Mat er berre ei side av landbruket. Det er ein livsstil å vera bonde. Den omfattar gjerne heile familien. Det handlar om økonomi, fritid; bondeyrket er meir enn noko anna ein livsstil. Spesielt dei som driv med dyr.
Ei ofte gløymd side er at bøndene også driv landskapsvern. Jorda vert halden i hevd, og buskar og kratt får ikkje høve til å veksa opp. Ein biltur på utvalde vegar kan illustrera det eg seier.
Når yrket er ein livsstil, det einaste ein kan tenkja seg, aksepterer ein kanskje både mindre inntekt og mindre fritid. Det fins likevel ei grense for kva bønder kan akseptera. Det gjeld i endå større grad rekrutteringa. Det er lett å velja noko anna, med fast arbeidstid og ditto løn.
Det verste er kanskje det at byfolk, urbane menneske, forstår så lite kva dette handlar om. Dei trur at bøndene tener pengar som gras, mest utan å gjera noko. Berre sjå på maskinparken. Dei må vera millionærar.
Kanskje er dei det, i gjeld.
Det handlar det om mat. Utan bønder, ingen mat. Ingen samfunn har råd til å neglisjera landbruket. Nei, det er ingen garanti at me har pengar nok til å kjøpa frå andre land. I ein pressa situasjon vil utlandet prioritera sine eigne. Mat er viktigare enn avansert militært utstyr. Den er grunnlaget for både eksistens og forsvar.
Dei er kreative. Tenker i faget. Min bror, naboen prata om å erstatta NRF med Holstein-fe. Der ville han bruka større grovforandel, og levera meir slakt fordi desse mjølka mindre. Fleire kyr til taket på mjølkekvoten. Sonen gjekk over til ammekyr og slaktekylling.
***
Eg er framleis bonde djup nede i sjela. Den som har vakse opp på ein gard, er gjerne det. De betyr ikkje det same som han kunne vore ein god bonde. Eg var ikkje det. Meir glad i blyanten og tastaturet enn høygaffelen og traktoren.
Etter å levd eit litt omflakkande liv, har eg nå slege meg ned på tunet til den garden eg ein gong dreiv. Eg har att to tre mål hage, hus og garasje.
Her eg sit og skriv, har eg utsikt til røtene, museet, i det eine vindauget, mot opprørt hav i det andre.
- Ei forteljing om ein gard, del 1
- Forteljinga om ein gard, del 2
- Soga om ein gard, del 3: nyare tid
- Soga om ein gard, del 4, nye tider