Trond Giske i Trondheims gater vant den trønderske nominasjonskampen og kommer tilbake på Stortinget for Arbeiderpartiet. Foto fra NRK Dagsrevyen.
Trond Giske i Trondheims gater vant den trønderske nominasjonskampen og kommer tilbake på Stortinget for Arbeiderpartiet. Foto fra NRK Dagsrevyen.

Krisepsykiatri for Ap med Giske

Men trenger vi krisepsykiatri med Ap?

Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Av: Svein Grødaland

Det seiest at Arbeiderpartiet treng krisepsykiatri etter Trond Giske vert nominert på sikker plass på stortingslista.

Alternativet til Giske skal vera ein relativt fargelaus greie som står på godfot med partieliten. Meir av det same, det som fører meiningsmålingane nedover. Kva tid skal dette partiet få med seg at nedgangen kjem av at folk vil ha ein annan politikk?

Ta fenomenet Kjerkol. Ein medarbeider i eit privat helseforetak kalla henne for den største ulukka i norsk helsevesen. Berre stivbeint partidogmatikk, ingen evne til å analysera ein aktuell situasjon. Ho var ikkje spesielt heldig med mastergraden heller. Det verste var manglande evne til å vedstå seg feil når det vart avslørt stor grad av copy and paste.

Det var ein ny katastrofe at trønderane nominerert Kjerkol. No treng eg krisepsykiatri.

Vestre er langt bedre, pragmatisk og løysingsorientert som han er.

Det fine med Giske, er at han snakkar aktuell politikk og aktuelle saker der mesteparten av partiet berre snakkar om kor fint det skal verta om dei får halda fram. Ja takk. Me har sett litt av det. Knefall for EU, billigsalg på elektrisitet til utlandet, kjøpt tilbake til oss med stive prisar.

Landet treng ein ny politikk. Då må det vera bedre å få den frå trøndelag via Trond Giske framfor at opposisjonen skal gjera det. Det er ikkje utan grunn at det er Giske den borgarlege sida er mest redd for å møta i debatt. Kanskje han til og med vil bidra til å overta nødvendige røyster frå den kanten?

Eg har aldri forstått uviljen mot Trond Giske. Kan det vera at eliten i Ap er meir opptekne av posisjonar og makt framfor å gjera jobben? Tajik tapte sin plass på lista. Ho gambla på at Oslo ville ta henne med inni varmen etter at ho sa frå seg ein eventuell nominasjon i heimefylket Rogaland. Eit tap for Støre, gevinst for mange av oss andre.

Politikken sitt ansvar er oss, ikkje å søla vekk kroner på eventyr i utlandet. Det er fullt av svarte hol; eit korrupt Ukraina, fantasiar om global oppvarming, økonomisk støtte til el-spekulantar i tråd med beste EU-tradisjon, og så vidare.

At Giske søker makt, burde ikkje vera noko problem. Alle politikarar på det nivået gjer det. Det er ikkje Giske som har starta kontroversane mellom han og partiet. Det er like gjerne folk som Støre og Tajik som fann det litt for trongt å ha Giske tett innpå seg. Då var ingen middel for ufine til å få han vekk. Mange beit på desse forteljingane, utan å veta kven som sto bak.

Dei gongene eg har hørt Giske i media, er han befriande klar på kva han vil gjera, og korleis. Den mannen kunne fått meg til å stemma Ap for første gong. Det kan eg ikkje, fordi eg har adresse Rogaland.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.  

Ikke glem

Trond Giske i Trondheims gater vant den trønderske nominasjonskampen og kommer tilbake på Stortinget for Arbeiderpartiet. Foto fra NRK Dagsrevyen.

Giske kan påføre Ap-eliten prestisjenederlag

Det går mot at Trond Giske får stortingsplass fra Sør-Trøndelag.