Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Av: Svein Grødaland
Kanskje Støre skal bli sitjande i sjefstolen? Det er liten vits i å byta han ut med meir av det same. Då er me like langt.
Det viser seg at Støre ikkje let seg plukka på nasen. Han har ingen planar om å gå. Så får det visa seg kven som er sterkast.
Levenet i partiet kan skuldast andre ting enn misnøye med sjefen. Det treng ikkje handla direkte om Støre. Det er sagt at Ap er ein viktig arena for å gjera karriære. Dersom det stemmer, vil eit redusert Ap etter valget bety færre posisjonar til å klatra i. Det vil stressa dei med ambisjonar.
Det vil heller ikkje endra stort om opposisjonen vinn neste valg og stig inn i regjeringskontora. Det vert meir av det same, med nokre justeringar. Høgre og Ap er forbausande like i praktisk politikk.
Les mer om Jonas Gahr Støre hos Uten Filter.
Begge vil ha den kapitalistiske modellen. Den som er basert på konkurranse og profitt. Den tillet den som har mykje å grava til seg meir.
Kva med posten? Portoen har gått til himmels etter at det vart konkurranse. I tillegg er omberinga redusert til annankvar dag. Det er to grunnar til den trasige situasjonen: fri konkurranse og nettet. Det er berre det at ingen kan senda pakkar fysisk gjennom nettet. Effektivt? For meg som kunde er det irriterande å forhalda seg til fleire firma med kvar sin utleveringsstad. Kapitalismen er ineffektiv.
Eit anna døme våpenkappløpet mellom Russland og vesten. Det ser ikkje ut til at russarane har problem med å halda seg med nok våpen, medan vesten slit. Den russiske økonomien går bra, medan vesten sakkar akterut. “Ekspertane” våre seier noko anna.
I vest er profitt og konkurranse berande ideologi. Få stiller spørsmål ved denne, merkeleg nok. Tvert imot; me ser på dette omlag som ei naturlov, medan dei ekte naturlovane vert utfordra, ofte til stor skade. Eg vil ikkje seia at kapitalismen er spesielt effektiv. Den søler vekk store summar på aksjonærar og oligarkar i staden for å la kapitalen gå inn i produksjonen. Den borgarlege sida har rett i at arbeidande kapital bør skjermast for skatt. Profitten derimot, bør vera skattlagt høgare enn arbeidsinntekt.
Nok eit døme: Bustad for folk var mykje rimelegare før marknaden overtok. Omsett i tidlaus valuta: Det trongs færre årsinntekter for å skaffa seg tak over hovudet for eit par generasjonar sidan.
Dette systemet har endå ei side. Anbudsrundar tappar samfunnet for energi. Når eit firma er blitt varm i trøya, er det på tide med å gje inn nytt anbud. Rykk tilbake til start. Mange, spesielt offentlege etater opplever dette. I mi tid som verneombud fekk me ny bedriftshelseteneste. Dei prosjekta me hadde med det gamle firmaet forsvann ut i ingenting. Kva med helsetenester, barnevern? Ikkje stort bedre der heller. Pengane overstyrer både effektiviteten og evnen til å gjera ein jobb og gje omsorg.
Det som går igjen, er at ting som er politisk bestemt, vert betrakta som ei naturlov som ikkje kan endrast. Kva med å sjå på det spørsmålet under perspektivet: politikk eller fakta? Er det nødvendigvis slik? Kan det endrast?
Tida er absolutt inne for å stilla dette spørsmålet til alt som kjem frå makta. Må det vera slik, eller kan og bør det diskuterast?