Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Koranen skriv lite om kvinner – i ei tid då fysisk styrke talde mykje i krig og vald, var menn sentrale for ein røvarhovding og krigsherre. Kvinner er nemnde i rundt 95 av dei vel 6.ooo versa i Koranen. Og mange av gongane er dei nemnde som premiar eller gåver (også i Paradis) til “gode” muslimske menn – gjerne krigarar. Eller dei er nemnde i forbifarta eller møter erklæringar om at dei skal vera sine menn underdanige og lydige. Det er klart dei har 1/2 verdi av menn – og ikkje særleg om seg intellektuelt.
Klekodene i nokre muslimske område, er parodiske – ja, ofte inhumane: Heildekkande telt med lita glip for augene, og så kolsvarte at dei syg til seg maksimal tropevame + lite frisk luft. Men i kulturar der – spissformulert – far og svigerfar avgjer bryllaupa, kan det nok vera at menn lit så lite på kvinnene sine, at dei må avsondra dei så mykje som mogeleg frå verda og freisting.
Koranen har berre 4 vers som omtalar kvinnekle:
7/26: “Vi (Allah*) har skaffa kle til dykk (musllimske kvinner*) for å dekka skamma, og å vera til pynt for dykk.” Ordet “skamma” brukt om kroppsdel, tyder i normalspråk kjønnsorganet. 7/26 seier altså at Allah har skaffa kvinnene kle, så dei kan skjula kjønnsorganet, og vera til pynt for kvinnene. Ofte eit svart, heildekkande “telt” som skjuler alt, innkludert kroppsdelar Allah ikkje seier bør skjulast. + “Teltet” er just ikkje pynt for kvinnene, slik Allah her klart tillet.
24/31: “Og sei til dei truande kvinnene at dei bør senka blikket og passa på blygselen sin (arabisk “farj”, som tyder “private” eller “intime” kroppsdelar, “kjønn”) – at dei skulle ikkje vise fram venleiken sin eller ornamenta sine bortsett frå det som (normalt må) syna; at dei bør dra eit slør over brysta og ikkje syna venleiken sin bortsett frå til ektemennene sine, fedrene sine, sønene sine, ektemennene sine søner (med andre kvinner*), brørne sine eller brørne sine søner, eller systrene sine søner, eller kvinnfolka deira, eller dei høgrehendene deira eig (= slavane*), eller mannlige tenarar/slavar frie frå fysiske behov (= kastrerte*), eller små born som ikkje er klar over skamma ved kjønn; og at dei bør ikkje trampa med beina for å dra merksemd mot sine gøymde ornament.”
A. 24/31 seier altså for det eine at dei skal senka blikket og passa på blygselen (“farj”) sin. Intime eller private kroppsdelar hjå kvinner tyder i normalt språk underlivet (kjønn, bak) og brysta. (Brysta og “skamma” er alt som er namngjeve å vera klart tilrådd å dekka til).
B. For det andre skal dei ikkje syna fram venleiken sin, “bortsett frå det som (normalt må) syna”. Dersom det er rett at ytterplagget til kvardags for kvinner den gongen var ein knekort kjortel utan eller eller med korte ermar, tillet altså Allah i alle fall at leggar, føter, underarmar, hender og hovud syner. Godtok samfunnet den gongen ermelaus kjortel, kunne/kan også overarmane syna.
C. For det tredje seier verset at kvinner kan vera mindre nøyereknende med påkledninga si ovanfor nære slektningar og slavar familia eig – grensa tilsvarar omlag dei ho ville møta i storfamilia si.
33/55: “Det gjev ikkje skuld (for desse kvinnene om dei syner seg (ufullstendig kledde*)) framfor fedrene eller sønene sine, brørne, eller brorsønene sine, eller systersønene sine, eller kvinnene deira, eller dei høgrenendene deira eig (eit uttrykk som tyder ‘slavar’*).” 33/55 seier altså at kvinner kan vera mindre nøyereknende med påkledninga si ovanfor nære slektningar og slavar familia eig – omlag lik 24/31C.
33/59: “Å profet (Muhammed*)! Fortel konene og døtrene dine, og truande kvinner, at dei skal slenga over seg ytterplagga (når på offentlege stadar), det er greiast, slik at dei kan bli gjenkjende (som ærverdige kvinner) og ikkje bli forulempa.” 33/59 seier altså at det er best kvinner tek på seg yttertøy når dei er ute blant folk (altså ikkje nødvendig heime). Og den forklarar kvifor kvinner bør passa på å vera tilstrekkeleg påkledde når dei er ute: Årsaka er ikkje religiøs, men den praktiske at skjønar menn at dei er “skikkelege” kvinner, slepp dei ekle eller farlege tilnermingar.
Konklusjon; Allah tilrår – krev ikkje, men tiltår – at kvinner har på seg ytterkle når dei går heimanfrå. Ytterkleda skal dekka det som “normalt ikkje syner”, og kan pynta opp kvinna – td. (fleir)farga og/eller dekorert. Rådet har ikkje religiøse grunnar, men er for at ho ikkje så lett skal bli forulempa. Dette ifølge Koranen/Allah sine ord.
Men det er nokre punkt til som må reknast med når ein lagar reglar for kvinnekle:
A. Det er Allah som skal avgjera og laga reglane. 5/87, 10/31, 10/109, 30/4, 32/5, 34/26, 42/10, 66/1, 75/19, 87/3. Det er tindrande klart at muslimar skal fylgja Koranen og dermed Allah sine reglar.
B. Ingen kan endra Allah sine ord/meiningar (og dekret/ordrar). 6/21*, 6/34, 10/64, 18/27. Å gjera det – å endra Allah/Koranen sine ord/meiningar – er grov synd.
C. Allah er allvitande og med perfekt kunnskap. Dette er påstått minst 30 steder i Koranen. Altså er Allah/Koranen sine ord rette og perfekte. Og ikkje noko menneske kan gjera noko betre eller rettare enn ein allvitande gud.
D. Pga. pkt. C gjer han aldri feil og gjer/har altså alltid rett. 3/7, 4/82, 6/34, 20/52.
E. – og han gløymer aldri noko. 20/52.
F. Han har heller ikkje utelate noko. 6/38. Dette er eit essensielt punkt: Allah har teke med alt han meinar tyder noko. Det han ikkje fann trengde kommentering, godtok han alså som det var.
G. Han har tvert imot framstelt alt slik han ynskte å framstilla det. 53/10. Sjå og pkt. F.
H. Det er Allah som skal gje forklaringane. 4/82, 25/33, 75/19. Altså skal ikkje menneske laga “forklaringar” – i alle fall ikkje slike som er i strid med Allah/Koranen sine ord.
I. Allah forklarar alt i detalj. Dette er sagt klart eller inndirekte minst 20 stadar i Koranen. = Alt det Allah meinar trengst forklaring, er altså forklara av Allah, via Koranen – og han er som sagt perfekt og gjev dei beste forklaringane (25/33). “Forklaringar” som avvik frå Allah/Koranen, er altså dårlegare, feil eller mistydingar – – – eller uærlegdom/bløff.
J. Dei som vil endra reglane hans – trur dei dei er klokare enn Allah? 2/140. Det må dei tru i og med dei vil “retta” orda hans. Reduserar Allah til noko som er lavare enn menneske og dermed kan bli korrigert av slike!
K. Dei som vil endra orda/reglane hans, er sagt å vera perverse. 2/99, 3/7, 7/37.
L. Å laga ei lygn om Allah – endra Allah sine ord eller dikta opp noko og tillegga det Allah = Den verste av alle typer synder. 7/37, 3/94, 4/50, 6/93, 10/17
M. “Gjer ikkje ulovleg dei gode tinga Allah har gjort lovleg for dykk.”! 5/87, 66/1. Her at litt lempelege kle for kvinnene er godteke av Allah.
Konklusjon:
1. Koranen gjer det klart at merknadane om kvinnekle er tilråingar for å unngå problem – ikkje religion.
2. Allah seier at når kvinner skal ut og på offektlege stadar, tilrår – gjev ikkje ordre om, men tilrår – han å dekka til dei delane av kroppen som ikkje syner til vanleg. Dersom det er rett at ein knekort kjortel med eller uten korte ermar, var vanleg ytterplagg (hugs at Arabia er varmt + alt tøy var spunne og veve for hand = dyrt), gjev Allah/Koranen ikkje tilråing om å dekka til underarmar, hender, leggar, føter eller hovud, innkludert hår + muligens overarmane. I og med han har forklara alt og i detalj, og aldri gløymer eller utelet noko, tyder det at han meinar desse kan syna – elles hadde han tilrådd tildekking. Og Koranen fløymer av påstandar om at Allah er fullkomen og gjer alt rett.
3. Ja, Koranen er klar på at Allah i Koranen har fått fram alt han ynskte å få fram. Så det han ikkje trekte fram her, er slikt han meinar kan syna.
4. Det er Allah som skal gje religiøst grunna ordrar. I og med Allah ikkje har laga dei harde klekodene for kvinner, er dei altså laga av mennesker. (Av menn som ikkje leit/lit på konene sine? – koner som var blitt tvangsgifta med dei. Eller av personar “meir muslimsk enn Muhammed”: ‘Seier Allah at noko tildekking er å tilrå, er vi betre enn han, når vi krev meir tildekking’ + ikkje berre tiltår, men altså krev det – med streng straff for dei som ikkje lystrar menneskeskapa regel!)
5. At kvinner skal dekka håret, gjeld i store delar av islam. (Ironi: Det er ikkje skilnad på mannleg og kvinneleg hår – båe er laga av same type keratin. Klipping, etc. kan variera, men det kan regulerast på annan måte.) Koranen har ikkje slik tilråing, og slett ikkje slik ordre. Det er ein menneskeskapt regel. Det gjeld og i høg grad ordrane om å kle seg i heildekkande “telt”.
6. Dei muslimane og muslimske områda som endrar Allah sine ord/meiningar og reglar, er perverse, seier Koranen. (Når ein ser på kvinner si stilling i nokre muslimske omtåde: Det er vel mogeleg den opplysninga er rett. Det er og mogeleg at det er Satan som får muslimar til å tru at dei handsamar kvinnene sine på moralsk og god måte – Satan får ofte menneske til å tru umoral er god moral, seier Koranen fleire stadar.)
7. Dei muslimane og dei muslimske områda som gjev desse reglane ut for å vera religiøst grunna = frå Allah, syndar MEGET grovt. Å tillegga Allah noko han ikkje står for, er av dei grovaste syndene seier Koranen.
NB! Og jeg minner om: “Gjer ikkje ulovleg dei gode tinga Allah har gjort lovleg for dykk.”