Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Av: Svein Grødaland
Det har eg vore inne på før; klimahysteri, woke, gått i surr på kor mange kjønn me er, feminisme, migrasjon. Ei endelaus liste.
Dette sit seriøse politikarar og tutlar med. Dei er under press frå høgrøysta moralistar som ser umoral over alt der folk tenkjer sjølv. Det som verre er, er at partia langt på veg er infiltert av dette.
Nå har me fått Jens-faktoren i tillegg. Eg har ikkje tillit til den mannen. Han er ein opportunistisk værhane som snur kappa, alt etter kva jobb og posisjon han har. Arbeidarpartiet er blitt for høge på seg sjølv etter at Senterpartiet rista støvet av sandalane og gjekk sin veg.
Eit svikefullt Arbeidarparti hadde plassert ei politisk bombe under stolane på støttepartiet. Jonas måtte veta at det var ei grense for kva Sp kunne akseptera. Han fekk rett.
***
Det hender at eg vurderer å konvertera til borgarleg side. Men så høyrer eg på politikarar på den sida, og eg tenker; Huff. Dette er ikkje bedre. Dei er stort sett for det eg er imot.
Problemet er at dersom eg stemmer borgarleg, til dømes på KrF, risikerer eg å få Høgre sine kumpanar med på kjøpet. Meir logring for EU, meir logring for krig og Nato, og så vidare.
Der er dei ikkje eit hår bedre enn Arbeidarpartiet, som neppe er noko arbeidarparti lenger. Den interessen vert teken bedre i vare av parti som Raudt og FrP, om enn litt på kvar sitt vis.
KrF er det einaste borgarlege partiet eg kan røysta på, utan å gå for mykje på akkord med mine prinsipp og preferanser.
Det siste eg vil, er å sitja heime utan å røysta. Eg gjort mi borgarplikt kvar gong sidan eg var gammal nok til det. Det seiest at dersom eg sit heime, støttar eg den sida eg ikkje vil støtta. Lurer på om einkvan metamatikar eller valgforskar har rekna på det?
Hadde NKP stilt liste, kunne eg vurdert å røysta på dei. Det strengt borgarlege fylket Rogaland er neppe første plassen dei stiller med liste. Då er det lett å seia noko slikt. Alvor er ei anna sak.
Når det er sagt, avisa Friheten er truleg den best orienterte avisa i vår avisflora. Ingen svadasaker.