Tid for modning og ettertanke?
Bilde: Privat

Tid for modning og ettertanke?

Utdanning er ikkje berre å skaffa seg kunnskap. Det er minst like viktig å læra å reflektera over kunnskapen, setja den inn i ein samanheng.

Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Av: Svein Grødaland

Media melder at studentar og elevar brukar meir og meir kunstig intelligens. Eg forstår ikkje heilt korleis. Skal noko lærast, må kunnskapen inn i hovudet og (med ein fint ord) internaliserast: Gjera kunnskapen til min og læra å bruka han. KI kan aldri hjelpa meg med denne viktige delen. KI er litt det same som google for ein generasjon tilbake. Eg skulle undervisa ein gjeng elevar i bruk av data. Oppgåva var å skriva ein tekst. Dei smarte fann noko på Google, kopierte og limte inn: Sjå, her er teksten!

Eg var ikkje imponert. Ein skal ikkje sitja lenge med ein slik tekst før ein oppdagar at dette har ikkje “skribenten” peiling på.

I ei anna skulestove, ein generasjon lenger tilbake i tid, vart det plassert nokre Tiki 100 maskinar i mitt klasserom. Desse vart fort populære. Desse elevane presterte etter kvart tekstar eg aldri har sett maken til på dette nivået, siste året på barnetrinnet. Me laga til og med eit lite hefte av forteljingane. Alle hadde med kvar sitt bidrag. Dette var før både internett og google.

Poenget: Ingen teknologi kan hjelpa oss med å læra noko som helst. Eige hovud må vera med på heile prosessen, frå første input til ferdig kunnskap. Er ikkje hovudet med, vert det aldri anna enn skvalder frå papegøyar. Dei kan orda.

Det einaste desse “hjelpemiddela” bidreg med, er å redusera nivået på kunnskapen. Det er alltid litt strev med å læra noko nytt.

Det er ikkje lenge sidan me hadde eit par statsrådar som måtte ta sin hatt og gå. Dei hadde klipt og limt litt for mykje, utan å fortelja kven dei hadde sitert. Målet må ha vore å få ein grad, ikkje læra noko. Eg vil påstå at ingen kan noko før dei sjølv har formulert nokre setningar over eit tema . Skriftleg eller muntleg.

I mi tid på lærarskulen hadde me gruppe-eksamen i pedagogikk. Ein av oss fann ei fantastisk formulering i ei bok. Den brukte me. Eg er framleis ikkje sikker på om me forsto innhaldet godt nok til å skriva litt om det sjølv. Men; det høyrdest flott ut litt utpå kvelden. Eg oppdaga ein heilt annan ting; verdien av å formulera noko sjølv.

Eg er eldre enn mastergradene. På den tida sa gradene noko om nivået i det enkelte faget. Me hadde grunnfag, mellomfag og hovedfag. Dei ulike delene bygde på kvarandre. Det var formelle krav til tittelen Cand. mag, cand scient, etc. Det står ikkje same respekten av ein mastergrad.

Poenget er ikkje kva me kan, men korleis me brukar kunnskapene våre.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.