Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
Er modernisering av urfolk strake vegen til fattigdom? Verta avhengig av kolonimakta? Folket på Grønland har levd på naturen sine ressurer i århundrer. Så dukkar presten Hans Egede opp for å misjonera, ein gong på syttenhundretalet. Han har fått med seg kongelege finansiering og ein plan om handel for å gje kongen valuta for si støtte til Egede og misjonen.
Dermed glir det grønlandske samfunnet frå naturalhushald dei kunne leva av til å verta ein koloni, ei inntektkjelde for kongen av Danmark.
I dag er folket på Grønland avhengige av støtte frå den danske staten. Folket på Grønland har ikkje råd til å frigjera seg frå kolonimakta. Det er fleire grunnar til at dei vil verta fri. Overgrep frå den danske staten er berre ein grunn.
Folket på Grønland vil halda på sin kultur og sitt språk. Det tradisjonelle livet med fangst og fiske er ikkje nok til å halda liv på vestleg nivå. Det trengs meir, som verdfulle mineral i fjellgrunnen. Det hjelper ei stund. Slike gruver har ein lei tendens til å gå tome om ein beskattar dei for hardt og for fort.
Nå har Grønland kome i fokus. USA vil overta landet og bruka det i sin krigsstrategi. Russland er framleis definert som den store fienden, som kan senda sine missiler over havet i retning USA. USA har ein base på Grønland til å passa på slikt. Det er ikkje nok. Amerikanarane gjer narr av forsvaret på Grønland, der eit par utransjerte båtar gjer bruken som marine. Dei vil ha full kontroll.
Den amerikanske apetitten er større enn som så. Canada og Panama kan og risikera å få besøk med forslag om å slutta seg til USA. Dei er lite interessert for å seia det forsiktig.
Dette hadde ikkje vore så farleg globalt om det var ein mindre stat med ambisjonar om litt meir land. Det er snakk om ei paranoid stormakt som lever etter prinsippet om at ein kjenner andre på seg sjølv. USA er paranoid og kjapp på labben til å bruka våpen. Dermed tenker andre stormakter på same måten, trur USA.
Her heime i Europa reagerer det poliske nivået med ei blanding av skjekk og vantru. Alle er samde om at Russland er ein potensiell fiende, og at USA ikkje lenger er å lita på som ein del av vårt forsvar.
Det burde vore eit gyldens høve til å sleppa fri åket under USA, og ta meir omsyn til eigne interesser. Vår interesse er fred og avspenning, ikkje meir krig. Det viuser seg etter kvart at det er me, Vesten, som er den aggressive parten i Ukraina, pluss i ei mengd andre statar. Nå er tida inne til å nekta å vera med på den leiken. Mine barn og barnebarn er for verdfulle til å ofrast på stormaktene sitt krigsalter. Det er lett å sitja på sin breide bakende, trygt langt vekk frå kampane og mana til krig. Desse risikerer ingen ting om dei er store i kjeften, i den såkalla koalisjonen av villige (idiotar).
Les meir av Svein Grødaland på Uten Filter.