Heller eit liv i pakt med seg sjølv, gjerne ute i naturen. Foto: Svein Grødaland.
Heller eit liv i pakt med seg sjølv, gjerne ute i naturen. Foto: Svein Grødaland.

Våpenøkonomi

Kor mykje militært utstyr kan me mista og ennå produsera nok til å erstatta det som er brukt opp?

Av Svein Grødaland

Krigen hindrar ny krig. Men ikkje slik krigarane ynskjer og trur. Tre år med krig mot Russland i Ukraina har tappa oss for nødvendige våpen til eventuelle nye krigar. Haukane i Washington leikar med tanken om litt motsetningar mellom Kina og USA som fort ender med krig. Voila. Nye gode tider for våpenindustrien.

Informerte kjelder kan fortelja at USA er avhengig av råvarer frå Kina for å fylla opp lageret med nye missiler. (!)

Filosofen Arne Næss sa for ein del år sidan at det ville vera slutt på all krig innan to hundre år. Grunnen var at våpenteknologien vart for komplisert og kostbart til å føra krig på brei front. Fronten i Ukraina har vist seg å vera meir enn brei nok.

Næss tok godt i med sitt overslag på eit par hundre år. Det skulle gå fortare enn som så.

Fasit i dag er at ingen vestlege land er i stand til å halda ein krig gåande over lengre tid. Vitskapen omkring våpenøkonomi er ennå ikkje etablert. Ei sak for BI? Få har tenkt på dette i krigsrusen. Berre me løyver nok pengar, vil me vinna krigen. Med kva? Heimelaga pil og boge? Mauseren frå forrige krig?

Kor mykje militært utstyr kan me mista og ennå produsera nok til å erstatta det som er brukt opp? Ikkje mykje, ser det ut til. Dei krigane vesten adminsiterer, Ukraina, Gaza og Jemen, ser ut til å tappa alle lager.

Norge er med på denne galskapen. Me løyver pengar som fulle sjømenn i land etter metoden: «Tenk på eit tal». Det ligg neppe seriøse overslag over korleis desse pengane skal brukast. Mitt tips er at såpass mykje ender i djupe lommar at riksrevisor bør engasjera seg.

Les fleire innlegg frå Svein Grødaland på Uten Filter.

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.